16. januar 2011

Verdas beste dagmamma

Eg var så heldig då eg var lita, at eg fekk vere heime med dagmamma fram til eg var fem år. Margit og eg. Verdas beste dame. Ho kom heim til oss kvar einaste morgon klokka åtte. Fyrst var det frokost. Så var det å vente på neste måltid, som oftast kaffi og kaker med dei gode veninnene til Margit. Eg elska å vere med. Elska å få dekke på, servere kaffi og å få gjere som dei vaksne damene. Om ettermiddagen gjekk vi alltid tur ned te "sjøna". Der trakka vi rundt, trefte gjerne Myhren eller andre vi kunne prate med, og venta til mamma og pappa kom køyrande. Så kom dei, eg fekk sitje på heim, og Margit var ferdig for dagen. Neste dag var som oftast ganske identisk med dagen før.

Då eg var fem år byrja eg i barnehagen. Det hadde eg nok ikkje vondt av, men saknet av Margit stakk djupt. Flaks for meg så kom der ein bror i familien då eg var seka år, og eit år etterpå var Margit på plass i heimen igjen! Så når eg kom heim frå skulen om dagane, ja så var det til verdas beste bror og dagmamma.

No er ho byrja å bli sleta. Eg tenkjer på ho kvar dag, og er så inderleg glad i ho. Eg er evig takksam for alt ho har vore for meg. Alle burde få høve til å knyte seg så sterkt til eit anna menneske i ung alder. Det har gjeve meg så mange gode verdiar, og få personar har lært meg så mykje som nettopp Margit har gjort..

2 kommentarer:

  1. Det var en veldig fin beskrivelse av ei fantastisk dame, som eg og har vore så heldig å ha som dagmamma, eller husmorvikar som ho heitte hos oss (det var jo i "gamle" dager) :-)
    Alltid var det ryddig og fint hos oss, og alltid hadde ho maten klar til oss når vi kom fra skulen. Vi er heldige, Lina, som har fått ha ho Margit inn på livet. Eg håper ho har det bra sjølv om har det tøft no...

    SvarSlett
  2. Herlige ord om den herligaste dama i Vågsvåg - og den herligaste latter.
    Ho va ofte ut på Stranda på besøk med farmor - kaffi og kake - va vell litt serveringsdame eg også til tider. Ho og Astrid va serveringsdamer i konfirmasjonen min - vakje eg heldig vell?
    Va ei fryd som lita jente å sitte å høyre på damene - Margit, Astrid, Jenny, farmor...gode damer :-)Hekling, strikking og kaffidrikking - og selvfølgelig prate...ptrate...prate.
    Eg veit ho slite no med dårlig helse -skulle så gjerne ha helst på ho, servert ho ein kopp kaffi.
    Mange klemma til både Margit og gode Lina som skrive så fine ord...
    Anita

    SvarSlett