26. februar 2011

"Min første kjærlighet"

Min 19 månader gamle gut seier enkelte ting oftare enn andre. "Malin" er eitt av dei fyrste orda han seier om morgonen når han vaknar, og eitt av dei siste han seier før han legg seg om kvelden. Malin går i barnehagen, og kvar dag med Malin er ein god dag. Dei jublar om morgonane når dei treffast, og skal helst halde kvarandre i hendene om dei skulle vere så heldige å havne på stellebordet i lag. Og eg vert jo sjølvsagt rørt når han må gje Malin ein kos og vinke til ho før vi går heim frå barnehagen. Det kallar eg kjærleik. Torsdag var vi heime på besøk med Malin etter barnehagen. Middag, leik med nye og spennande leikar og godt selskap også for dei vaksne. Genialt konsept. Det er ikkje tvil om at Malin godt kan kallast "min første kjærlighet" av min skjønne storegut. Ja, utanom meg då sjølvsagt.

24. februar 2011

dag 12

Ein kjekk kveld

På tirsdag kledde eg meg opp, tok på meg støvlettar og slapp laust håret. Det var tid for venindekveld, og ei stund heilt fri for ungar. Det er ganske nøyaktig tredje gongen sidan Oliver vart fødd at eg har forlete huset utan å ha han med meg. Ei rar kjensle, men samstundes godt å berre vere meg sjølv. Og Gud vete at det trengs frå tid til anna. Ferda gjekk mot ein av dei lokale restaurantane, der vi vart møtt med eit personale som, med ryggen til oss, kunne fortelje oss at "matserveringa stengde klokka ni". Ikkje eingong så mykje som ti flak med pommfri kunne dei klare å skrape i hop til oss. Kanskje ikkje så rart vi var dei einaste som fann vegen inn til dei denne kvelden. Vegen ut var iallefall ikkje vanskeleg å finne.

Det vart ganske kjapt teke avgjerd om å prøve lukka ein annan stad. Sjølv om vi var dei einaste gjestane også her, så hadde dei iallefall mat, og ei langt meir hyggeleg betjening.

Maten var god, praten var god, jentene er gode, ja faktisk nokre av dei beste eg veit om. Godt med ein kveld for seg sjølv. Og skal du ut å ete i Måløy på ein tirsdagskveld, så kan eg iallefall, utan å nevne andre namn forøvrig, anbefale San Marino på det varmaste :)

20. februar 2011

dag 11

Ein dag i solveggen

I dag har vi vore ute i fleire timar. Fyrst trilletur med ei god venninde. Så brownieskake i solveggen med gode foreldre, svigers, onkel og to kjekke små karar. Storebroren fekk hjelpe bestefar med trefelling og vedkøyring, og dette var i aller høgste grad ein fulltreffar. Han er heldigvis ein utegut, som trivst med vagging i ein stor bobledress. Ikkje rart han vart sur når han måtte innatt. Men når eg fann fram postmann Pat på dvd, så var alt gløymt.

Eit par timar i solveggen gjer altså godt for sjel og sinn. Og no er det elgsteik på menyen. Namnam. God søndag, godtfolk!

19. februar 2011

dag 10

Ein trist dag

I går var det gravferd. Ei trist, men fin stund og ei verdig markering av livets slutt. For ein ung, flott gut. Ein gut med den største venekretsen eg nokon gong har sett, og med ein flott og omsorgsfull familie. Når eg tenkjer på denne livsglade og sjarmerande karen som alltid møtte meg med eit smil og ein god replikk, må eg berre smile.

Det skjedde det som ikkje skulle skje, og alle rundt han sit igjen med spørsmåla. Berre han veit svara. Sorga er botnlaus og tung å bære. Det einaste ein veit er at ho vert ein aldri så liten smule lettare dersom ein bær ho i lag. Det ser det ut som denne familien skal klare.

Slike tap gjer at ein får opp augene. Ein får ein tankevekkar om kor skjørt livet er. Mine varmaste tankar til dei næraste. Og til ein kjekk kar; kvil i fred.

15. februar 2011

dag 9

Mitt drøymebryllaup

Ja, så skal eg vel avsløre mitt aller innerste indre. Mine borndoms glansbilete om denne viktigaste dagen i mitt liv. Ikkje med kven, for det kunne eg jo ikkje vite (sjølv om eg aller helst kunne tenkt meg å gifte meg med pappa, for han var den beste eg visste om), men korleis det skulle vere. Og det skulle vere kvitt, stort og flott. Eg skulle sjølvsagt sjå ut som ei prinsesse, med diadem og langt kvitt slør.

Så endrar ting seg. Ein erfarer. Går i andre sine bryllaup, og ser kor uendeleg flott og enkelt det kan gjerast. Så frå den flotte sommardagen på Vågsberget for 5-6 år sidan, har eg visst at eg aller helst kunne tenke meg å gifte meg i ein enkel kjole, i eit enkelt miljø, helst ute under ein blå himmel og med eit alter av blomar. Sola skal skine og smågutane mine skal sitje i ei blomsterdekt høyvogn. Brudebilen skal vere ei hestekjerre som skal dragast av sterke, kjekke onklar. Altså utan hest. Vi skal drikke champis, jordbær som er dyppa i sjokolade og så skal vi ta brudebilde i høgt gras med strå i munnen.

Men om det vert slik, gjenstår å sjå. Mest truleg kjem det til å regne. Eg har jo valgt å busetje med i regnland! Men ein ting veit eg; eg veit kven som er drøymemannen, og det er ikkje lenger pappa :) Så gjenstår det å sjå om det blir noko frieri før eg bikkar førti!

11. februar 2011

dag 8

Pausedag. Sleta. Har hatt begge gutane heime i dag. Benjamin har vore sur og hostete. Oliver har vore uvanleg mykje våken. Klokka er 19, og eg set meg på ræv for fyrste gong i dag. Kjem sterkare tilbake :)

10. februar 2011

dag 7

Dette får meg til å kjenne meg bra

Eg kjenner meg bra når eg finn ein mobil i eit prøverom og leverar han til butikkpersonalet. Eg kjenner meg bra når eg kan stå framfor snopehylla i butikken, og endar opp med å gå derfrå tomhendt. Eg kjenner meg ekstra bra når eg har spelt i noregsmeisterskapen for brassband og i tillegg vunne. Eg kjenner meg bra når eg har stått tidleg opp og fått mykje ut av dagen. Eg kjenner meg bra når huset er ryddig før eg legg meg, slik at eg kan sleppe å ta det når eg står opp. Eg kjenner meg bra når eg kan vere ei hjelp for nokon i ei tung stund. Og ellers kjenner eg meg bra når eg kan sitte under pleddet ein laurdagskveld med levande lys, heimelaga pizza, nåke godt i glaset, ein god film, og ein fantastisk mann :)

dag 6

Ein hektisk dag

I går var eg travelt opptatt med å vere mor, sambuar, søskenbarn, husmor og tantenborn. Derfor går den opprinnlege dag 6 ut. Her skal de i staden høyre kva eg gjorde.

Hadde gløymt å skru på vekkerklokka, men heldigvis vakna Oliver og eg rundt halv ti. Då hadde vi ein time på oss til å komme oss ut dørene. Klokka 11 var det nemleg babysang. Rakk vi det? Sjølvsagt. Utruleg kva ei mor får til. Hugsa heldigvis å betale parkeringsbillett. Bilen framfor meg fekk bot. Sure pengar. Etter babysang reiste eg og Trude og dei to små på babybesøk til Sylvia og vesleprinsen. Han var aldeles nydeleg. Oliver er fem veker og prinsen er berre ei veke, men jammen var det stor skilnad på dei allereie. Der var også tante Berit på besøk. Det er alltid så koseleg å sitte å skravle med tanta. Eg er god på å ta meg tid til koselege syslar.

Etter det var det moderlege plikter som handling, og innkjøp av morsdagsgåve. Så henta eg Benjamin i barnehagen og reiste til mamma og pappa på uanmeldt besøk, tilfeldigvis akkurat i middagstider :) Det passa fint for oss, og så fikk vi i oss litt fisk for ein gongs skuld.

Så reiste vi nedatt og gjorde oss klar til at pappa skulle komme heim frå 3 dagers jobbreise. Han kom i seks-tida, og det var stor gjensynsglede. Benjamin blei bare ståande i døra og hoppe! Så bada vi gut nr 1, gav han kveldsmat, melk, tannpuss og la han. Bada så gut nr 2. Så var det på tide å kjenne etter om ein sjølv hadde nokre påtrengande behov. Og jammen var vi så himla svoltne når klokka nærma seg ni, at vi tok og svidde oss nokre speilegg!

Til sist var det for Ola å pakke til ny reise, og jammen rakk ikkje vi å setje oss i sofaen ein halvtimes tid i lag. Ja, slik er det å vere småbarnsforeldre, og derfor blei ikkje dag 6 brukt framfor datamaskina.

7. februar 2011

dag 5

Ti ting eg set pris på

Herremoses, kor mange lister er det mogleg å skvise ut?

1. Eg set pris på vatn. Varmt, kaldt, vatn i dusjen, vatn i muggjen, vatn i do.
2. Eg set pris på sola. Likar ho best når ho varmar dagen opp til rundt 20 raude.
3. Eg set pris på den herlege sambuaren min. Det fins ikkje hans makje!
4. Eg set pris på snilde naboar, som tilbyr seg å trille gutane rett som det er.
5. Eg set pris på sjokolade. Hmm, det har eg vel nevnt før..?
6. Eg set pris på å få servert middag, som eg ikkje har laga sjølv:)
7. Eg set stor pris på små overraskingar i kvardagen, sjølv om det minst er eit skotår imellom kvar gong det ramlar ein blomsterkvast ned framfor meg!
8. Eg set pris på kveldsro med mummytime, som tyder dusj, tv, tur, god mat og noko varmt i koppen.
9. Eg set pris på sjokolade. No har eg iallefall nevnt det. No er det vel liten tvil om kor glad eg er i denne brune fornøyelsen.
10. Eg set pris på senga mi, og ikkje minst å få sove i henne til klokka både er ni og ti :)

4. februar 2011

dag 4

Listene vil ingen ende ta. Her kjem lista over fem ting eg elska då eg var yngre. "Yngre" er eit relativt vidt omgrep, men eg kjenner at 9-12 var veldig gode år for meg, så eg tek utgangspunkt i sein barneskulealder.

1: Eg elska å ha bursdag, med alt det innebar. Selskap, bordkort, pakkar, barneleikar, kreppa hår, lilla swingskjørt og kvit blondebluse med rysjer på. Guri, ka fin eg var!

2: Eg elska dei fyrste vårdagane, då vi fekk lov å byte ut vinterstøvlettane med små kvite joggesko og gjerne berre tjukkegensar, og vi kunne sykle til skulen fordi isen og slapset endeleg var vekk.

3: Eg elska å synge i friminutta på skulen, gjerne tostemt i lag med Ane. Ja, vi var faktisk så übermusikalske at vi klarte sånt allereie på barneskulen. Kjekkast var det når vi fekk lov til å opptre ved ulike tilstellingar på gode gamle Våge-Oppedal Skule.

4: Eg elska å ta bussen inn i Holvikja på aspirant i lag med Merete ein gong i veka. Eg hadde gjerne med meg 10-15 kroner kvar gong. Bussbilletten kosta skarve fem kroner, og resten brukte vi på butikken før øvinga byrja. Vi hadde som oftast ein halvtime på oss. På butikken kjøpte vi bugg, saltsnører og eplerose. Den fantastiske brusa eplerose! Eg saknar tida då buggen kosta 50 øre, og då vi kunne få 20 stk for ein tiar. Eg likte best jordbær og sjølvsagt saltlakrisen. Eg saknar bugg generelt!

5: Eg elska å tulle og fjase i lag med pappa. Snakke rare dialekter (for eg var ganske god på det), kle meg ut i rare hattar og sko, og å spele inn merkelege intervju på film. Dessutan var det få ting som var så stas som å få spele "Bjørnen sover" med min herlege aspirant-klang, medan pappa spelte orgel attåt. Denne vart faktisk også utgjeve på eige musikkforlag, og vart årets største julegåvesuksess midt på nittitalet ein gong.

Og hvis eg kunne ha ført på endå ein ting, så elska eg somrane med bestemor og bestefar, nybaka bollar med jordbærsyltetøy. Hjelpe til med hæsja, sitte på i høylasset på slåmaskina til bestefar. Tulle og leike med søskenbarna. Good times :)

dag 3


Ti ting som må gjerast før eg vandrer ut av tiden

Det er mykje som er ugjort her i verda. EG har mykje som er ugjort. Ein gong skal eg "vandre ut av tiden", som min flotte bestefar så fint sa det. Før den tid er det ein del ting som skal gjerast.

1: Eg skal lære meg å strikke etter mønster
2: Eg skal på campingferie (ja, Ola - om vi så må leige oss ei vogn så skal vi på minst EIN campingferie)
3: Eg skal på ein opera i Bjørvikjinje
4: Eg skal lære meg å rygge med tilhengar
5: Eg skal stå på vasski frå Vågsvåg til Husevåg, og moglegens attende dersom beina bær meg
6: Eg skal stå kvit brud (eg håpar iallefall det, og helst før eg vert gamal og rynkete)
7: Eg skal få bygd ein flott terasse ved inngangspartiet vårt
8: Eg skal føde minst eitt born til
9: Eg skal til Italia
10: Eg skal gjere ei sabla god gjerning ved å enten få meg eit fadderborn eller melde oss som avlastningsheim :)

dag 2

Nokre av mine yndlingssongar for tida

No er det slik at eg ikkje er eit typisk listepopmenneske, men går heller for meir kontinuitet og stabilitet kva musikk angår. Eg vel meg ut fem klassikarar, og listar dei opp etter rangeringsprinsippet.

1."Fields of gold" m/Sting
2."Bohemian Raphsody" m/Queen
3."Ejala" m/ Brass Brothers
4."Amanda" m/Vamp
5."Kaleidoscope" m/Torskangerpoll musikklag <3

Sjølvsagt veldig mange fine som er valgt vekk no. Kunne sikkert ha klart ei liste på godt over hundre fine songar, men no er valet teke. "Hallelujah" (Leonard Cohen-versjonen!) kom akkurat ikkje med, men den har eg fått eit ambivalent forhold til, etter at heile verda har gjort meir eller mindre vellukka cover-versjonar av den.

Kommentarar, anyone?

dag 1



Eit tredvedagers-maraton

Eg er blitt utfordra, og skal no fylje eit stramt 30-dagers program. Høyrast nesten ut som slanking, men det er blogging. Heldigvis er blogging både enklare og mykje kjekkare enn slanking. Sjølv om eg heller burde slanka meg enn å blogga. Får no trimma fingrane ganske bra då, så det får vere ei mager trøyst.

Dag 1: Femten fakta om meg sjølv
1: Eg elskar sjokolade
2: Eg ville bli sangerinne då eg var lita
3: Eg er eit familiemenneske, og prioriterar heimekveld framfor "ut på byn"
4: Likar Berlinarbollane best utan fyll
5: Handlar heller kle til gutane og sambuaren enn noko til meg sjølv
6: Skulle ønske eg kunne å strikke etter mønster
7: Går ikkje på fjellet i frykt for slangar og rotter (!)
8: Har ubegrunna angst for hundar, sjølv om dei er i band
9: Elskar jakker, vesker og støvlettar - og har naturleg nok eit lite utval ;)
10: Spelar kornett, dirigerar skulekorps og elskar brassmusikk (korps, på godt norsk)
11: Er eit ordensmenneske og likar at ting ligg på faste plassar
12: Har helst på sjølvaste kong Harald
13: Fiksar ikkje tanken på sushi, blåskjel og blodig kjøt
14: Har vore oppriktig forelska i Tom Cruise
15: Er ein racer på slalomski

Scrapbooking



"Scrapbooking". Skulle ønske eg fann eit betre ord på norsk. Album-makeri liksom? Jaja, la no det vere. Då Benjamin vart fødd laga eg ein flott album frå dei tre fyrste vekene hans. Der er det bilder av han og alle dei næraste i familien og nokre vener. Han elskar å sjå i denne albumen, og kan såleis lære seg å kjenne igjen dei han ikkje ser til dagleg. Men å lage eit slikt verk forpliktar, så no har eg framkalla bilder og er i full gong med planlegginga av Oliver sin album. Klistermerker, fine ark, sølvtusj, bokstavar. Kos. Eg tenkjer dei kjem til å takke meg den dagen dei sjølv skal vise albumen til sine eigne born. Det einaste som er skremmande med den tanken er at EG blir bestemor. Men enda verre - eg skal dele seng med ein BESTEFAR!! Du store mi tid..

3. februar 2011

Eit godt utgangspunkt



I fjor haust laga eg ein middagsplan etter inspirasjon frå ei venninde på Lillehammer. Eg klarte å fylje den i nokre veker, men så flaut det aldeles ut. Det forpliktar å ha ein slik plan. Tidsklemma var nok skuld i at det fungerte mindre bra. Men no som eg har permisjon er det sjans for at vi får i oss middag kvar dag :) No har eg revidert den, og kjenner meg merkeleg inspirert til å hive meg på den gode bølga igjen. Den rullerar over ei periode på seks veker, før ein byrjar oppatt på. Og det positive med det? Ein får varierte middagar, ein slepp å finne på noko nytt kvar dag, og ein kan handle inn for ei veke om gongen - noko eg har stor tru på som eit økonomisk sparetiltak! Ja, så no er dette planen - og skulle du kjenne deg inspirert til å gjere det same, så berre sjå her :) Om du likar sushi, blåskjell, kreps og kvalkjøt så finn du ikkje det på min plan, men det fine med den er at du kan putte på kva du enn skulle ha lyst på.. :)

Utfordringa :)

Sjølv om eg ikkje har blitt utfordra, så tek eg utfordringa likevel. Nokon må jo byrje :)

Fire ting eg ser på TV:
1) Greys Anatomy
2) Anna Pihl
3) Tid for Hjem
4) Byggmester Bob

Fire ting eg har gjort i dag:
1) Sove veldig lenge :)
2) Stelt Oliver
3) Ete ein fabelaktig frokost med egg
4) Lest i Schakenda-boka frå bakeriet i Lom

Fire ting på mi ønskeliste:
1) El-piano
2) Varmare og lysare tider
3) Stram og flott mage
4) Tørketrommel

Fire ting eg likar dårleg:
1) At det aldri vert tomt for klesvask
2) At det blir so fort mørkt på ettermiddagane
3) At Olaen skal reise vekk i neste veke
4) At eg ikkje kan ete lauk

Og utfordringa går til: Ane og Mari - sida det e dei einaste bloggarane eg føl og som eg kjenner ;)

pusspuss