4. februar 2011

dag 2

Nokre av mine yndlingssongar for tida

No er det slik at eg ikkje er eit typisk listepopmenneske, men går heller for meir kontinuitet og stabilitet kva musikk angår. Eg vel meg ut fem klassikarar, og listar dei opp etter rangeringsprinsippet.

1."Fields of gold" m/Sting
2."Bohemian Raphsody" m/Queen
3."Ejala" m/ Brass Brothers
4."Amanda" m/Vamp
5."Kaleidoscope" m/Torskangerpoll musikklag <3

Sjølvsagt veldig mange fine som er valgt vekk no. Kunne sikkert ha klart ei liste på godt over hundre fine songar, men no er valet teke. "Hallelujah" (Leonard Cohen-versjonen!) kom akkurat ikkje med, men den har eg fått eit ambivalent forhold til, etter at heile verda har gjort meir eller mindre vellukka cover-versjonar av den.

Kommentarar, anyone?

2 kommentarer:

  1. Ååååja... No skjønte eg ingen ting, for ditta vakje på lista mi, men so såg eg svaret ditt på forige innlegg at du gjer di eiga greie.
    (PS: du skakje ta og lage etikettar på innlegga dine, so det blir lettare å finne dei igjen seinare?)

    SvarSlett
  2. jo, tenkte eg ville gjere det, men har ikkje skjønt korleis eg gjer sånt endå! hehe.. mykje eg ikkje har skjønt! heller ikkje sånne bloggliste har eg fått te å lage..! Gud, for ei setning! jaja..

    SvarSlett