4. februar 2011

dag 1



Eit tredvedagers-maraton

Eg er blitt utfordra, og skal no fylje eit stramt 30-dagers program. Høyrast nesten ut som slanking, men det er blogging. Heldigvis er blogging både enklare og mykje kjekkare enn slanking. Sjølv om eg heller burde slanka meg enn å blogga. Får no trimma fingrane ganske bra då, så det får vere ei mager trøyst.

Dag 1: Femten fakta om meg sjølv
1: Eg elskar sjokolade
2: Eg ville bli sangerinne då eg var lita
3: Eg er eit familiemenneske, og prioriterar heimekveld framfor "ut på byn"
4: Likar Berlinarbollane best utan fyll
5: Handlar heller kle til gutane og sambuaren enn noko til meg sjølv
6: Skulle ønske eg kunne å strikke etter mønster
7: Går ikkje på fjellet i frykt for slangar og rotter (!)
8: Har ubegrunna angst for hundar, sjølv om dei er i band
9: Elskar jakker, vesker og støvlettar - og har naturleg nok eit lite utval ;)
10: Spelar kornett, dirigerar skulekorps og elskar brassmusikk (korps, på godt norsk)
11: Er eit ordensmenneske og likar at ting ligg på faste plassar
12: Har helst på sjølvaste kong Harald
13: Fiksar ikkje tanken på sushi, blåskjel og blodig kjøt
14: Har vore oppriktig forelska i Tom Cruise
15: Er ein racer på slalomski

2 kommentarer:

  1. Haha, yes! 30 dagars-maraton! Gler meg til å lese framgjåna:) (Og veldig greitt viss inspirasjonen sviktar ein dag.)

    Men ka ti helste du på Kongjen??

    SvarSlett
  2. Han helste eg på i si tid når eg song i Vågsøy barnekor, i enognitti når Kongjen va på signingsferd te Måløyninje :)

    Veit ikkje om eg har same overskriftene so deg på mitt maraton, men har miksa og triksa og tatt med dei eg syns var kjekke!

    SvarSlett