10. februar 2011

dag 6

Ein hektisk dag

I går var eg travelt opptatt med å vere mor, sambuar, søskenbarn, husmor og tantenborn. Derfor går den opprinnlege dag 6 ut. Her skal de i staden høyre kva eg gjorde.

Hadde gløymt å skru på vekkerklokka, men heldigvis vakna Oliver og eg rundt halv ti. Då hadde vi ein time på oss til å komme oss ut dørene. Klokka 11 var det nemleg babysang. Rakk vi det? Sjølvsagt. Utruleg kva ei mor får til. Hugsa heldigvis å betale parkeringsbillett. Bilen framfor meg fekk bot. Sure pengar. Etter babysang reiste eg og Trude og dei to små på babybesøk til Sylvia og vesleprinsen. Han var aldeles nydeleg. Oliver er fem veker og prinsen er berre ei veke, men jammen var det stor skilnad på dei allereie. Der var også tante Berit på besøk. Det er alltid så koseleg å sitte å skravle med tanta. Eg er god på å ta meg tid til koselege syslar.

Etter det var det moderlege plikter som handling, og innkjøp av morsdagsgåve. Så henta eg Benjamin i barnehagen og reiste til mamma og pappa på uanmeldt besøk, tilfeldigvis akkurat i middagstider :) Det passa fint for oss, og så fikk vi i oss litt fisk for ein gongs skuld.

Så reiste vi nedatt og gjorde oss klar til at pappa skulle komme heim frå 3 dagers jobbreise. Han kom i seks-tida, og det var stor gjensynsglede. Benjamin blei bare ståande i døra og hoppe! Så bada vi gut nr 1, gav han kveldsmat, melk, tannpuss og la han. Bada så gut nr 2. Så var det på tide å kjenne etter om ein sjølv hadde nokre påtrengande behov. Og jammen var vi så himla svoltne når klokka nærma seg ni, at vi tok og svidde oss nokre speilegg!

Til sist var det for Ola å pakke til ny reise, og jammen rakk ikkje vi å setje oss i sofaen ein halvtimes tid i lag. Ja, slik er det å vere småbarnsforeldre, og derfor blei ikkje dag 6 brukt framfor datamaskina.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar