15. mars 2011

før meg ikkje ut i forkavelse

Veldig mange gongar står eg overfor situasjonar og tidspunkt der eg er tvungen til å vere aleine med gutane. Kvar tirsdag reiser Ola på musikkøving rundt kl sju. Då er det sirkus på casa del Refsetra. Nei, no skal eg ikkje overdrive. Storeguten seier fint "hadet pappa" til far sin, og så har fortsettelsen to mulige utfall.

Utfall A) Oliver søv søtt i vogga si, Benjamin et kveldsmat, drikk kveldsflaska si med melk, pussar tenner, vi les litt bok i lag, seier natta, kosar litt på broren og går til slutt opp trappa og finn senga si. Syng natta-song, får tutten, og sloknar!

Utfall B) Dette alternativet er av det langt meir hektiske slaget. Sjå om du kan kjenne deg att; Oliver har ingen planar om å sove søtt i vogga si. Han skal i grunnen ikkje ligge i det heile. Ikkje på golvet, ikkje i vippestolen, ikkje i vogga. Han har kun planar om å skrike og å vere på armane til mor. Samtidig skal storeguten ete kveldsmat, drikke kveldsmelk, pusse tenner, lese bok, seie natta, kose og finne senga med natta-song og tutt. Dette byr altså på store utfordringar for ei forkava mor, for eg kan ikkje akkurat legge i frå meg eit hylande born og likevel klare å slappe heilt av å gjere som eg ville gjort under ein normal kveld under utfall A. Dette fører naturleg nok til at rutinane sklir ut, og då reagerar storeguten med å herje og med å ikkje spele på lag med meg. Ekstra herleg blir det når han bæsjar seg ut og er i full gong med å fjerne bleia sjølv.. Meir trengs vel ikkje å seiast. :)

Eg har ingenting i mot å vere aleine med mine to skjønne gutar når veslebror opptrer som ein engel og lar oss gjennomføre kveldsrutinane våre i fred og ro. Men for all del, er han våken så er det jo bare eit krydder i tilværet og gjer kvardagen enda meir spennande! Eg ville ikkje bytta det for alt i verda. Så får eg no heller bare vere litt forkava ;)

8. mars 2011

Garva vestlendingar

Så herjar orkanen. Merkeleg nok har eg ikkje høyrt at denne orkanen har fått noko fancy namn, slik alle orkanar i Amerika med respekt for seg sjølv får. Like greitt spør du meg. Det røskar i trea og ular frå glaskarmane. Det knirkar i det gamle tregolvet vårt på loftet, og det ristar lett i huset. Det er litt sjarmerande, men eg er veldig glad eg kan sitje inne og sjå ut. Eg er glad eg ikkje skal ut i båt og at eg ikkje skal reise til Berlin med fly. Nei, i dag held vi oss heime, lagar middag og håpar alt går bra når Olaen og Benjamin må ut i verda og køyre heim frå jobb og barnehage. Eg har forresten planar om å komme sterkare tilbake med blogging. Har to gutar som har krevd mor litt meir enn normalt. Og då kjem faktisk datamaskina i andre rekkje. Slik må det vere :)

Garva vestlending ja..., men eg skjelv no litt i trusa her eg sit ;)

26. februar 2011

"Min første kjærlighet"

Min 19 månader gamle gut seier enkelte ting oftare enn andre. "Malin" er eitt av dei fyrste orda han seier om morgonen når han vaknar, og eitt av dei siste han seier før han legg seg om kvelden. Malin går i barnehagen, og kvar dag med Malin er ein god dag. Dei jublar om morgonane når dei treffast, og skal helst halde kvarandre i hendene om dei skulle vere så heldige å havne på stellebordet i lag. Og eg vert jo sjølvsagt rørt når han må gje Malin ein kos og vinke til ho før vi går heim frå barnehagen. Det kallar eg kjærleik. Torsdag var vi heime på besøk med Malin etter barnehagen. Middag, leik med nye og spennande leikar og godt selskap også for dei vaksne. Genialt konsept. Det er ikkje tvil om at Malin godt kan kallast "min første kjærlighet" av min skjønne storegut. Ja, utanom meg då sjølvsagt.