31. desember 2010

Oldemor

Oldemor. Snart 88 år. Deknepollen. Bur i leilegheit aleine. Ja, eg har ei fantastisk oldemor. Ho er ei av dei som har vore i livet mitt lengst og er eitt av dei flottaste menneska eg veit om. Ho miste mannen sin, altså oldefar, allereie i 1962. Då var oldemor 41 år. Oldemor hadde 7 born, har 20 borneborn, 45 oldeborn og 15-16 tippoldeborn. Ho hugsar abolutt ALLE både til jul og til kvar og ein sin bursdag. Det meste av gåvene produserar ho sjølv, i form av sokkar, nydelege handbroderte dukar eller anna pynt med dei flottaste perler og utsmykkingar. Oldemor er verdas mest rettferdige person, og snakkar aldri nedlatande om nokon. Ho har eit hjarte av gull, og er ei dame eg er utruleg glad i.

To førebilete

Det er så mange eg beundrar her i verda. Eg kan sjølvsagt ikkje nevne alle, det ville ta meg tre hundre år. Eg skal fortelle litt om mine fantastiske foreldre.

Pappa er inkluderande, sosial, omgjengeleg, morosam og full av omsorg for alle rundt seg. Han søv gjennomsnittleg 5 timar pr natt, men er alltid full av energi og overskot. Han jobbar døgnet rundt, men har alltid tida likevel. Pappa er eit sosialt samlingspunkt og der han er, der er det liv. Pappa er ein menneskekjennar, og er så flink å velge dei riktige orda i rette situasjonar. Han kunne sikkert ha klart å holde i gong smalltalk med ei postkasse i godt over ein time, og kjem alltid opp med relevante og spennande tema som interesserer den han pratar med. Pappa skapar alltid gode resultat, og får nok sikkert mange gode tilbakemeldingar. Han likar ikkje å skryte, så desse held han som regel for seg sjølv. Han kunne sikkert starta flytte- og hjelpebyrå, og vert strålande glad dersom han får lov å hjelpe nokon. Ein tur til Bergen i veka med eit flyttelasss hadde ikkje vore han i mot. Pappa er utruleg glad i, og flink med barnebarnet sitt, og "moaff" har ei stor stjerne når han kjem durande med kvitebilen sin.

Mamma er utruleg hjelpsam og alltid positiv. Ho står på døgnet rundt for at alle rundt ho skal ha det bra. Mamma er utruleg pliktoppfyllande og ei typisk ledertype når det gjeld å ta ansvar. Dette gjeld spesielt i dugnads- og fritidsarbeid. Dersom nokon er usikre på kva dei skal gjere, er mamma den dei spør. Ho har sikkert eit svar. Ho tek gjerne på seg ansvar og, for då vert iallefall ting gjort :) Når damene i laja skal lage sang, ja då er ho den naturlege leiar. Mamma tilbyr seg minst ein gong for dag å hjelpe meg, og då med kva det enn måtte vere. Ho er snill, bedårande, ungdommeleg, fresh og full av liv. "Momo" er fantastisk å vere på besøk med, og veslegut har lært utruleg mykje av ho.

Ja, dette er to menneske eg er stolt av <3

nyttårsforsett

Som alle andre så bør vel også eg ha ei viss formeining om kva eg kan forbetre eller gjer annleis i året som kjem. Eg kjenner at eg syns det er vanskeleg. Burde eg få meg eit fadderborn? Burde eg tilby meg å vaske huset til mamma ein gong i veka, for alt ho har gjort for meg i året som har gått? Burde eg bli flinkare til å setje av tid til meg sjølv? Svaret er nok ja på det meste. Men likevel klarer eg bare å komme opp med ting eg har lyst å få gjort inni huset. Ja, oppgradering reint interiørmessig. Den mintgrøne gangen utan ein einaste lampett og med fullt av spikerhol i veggane vert nok fyrst og fremst prioritert. Samt å få på plass eit litt meir velfungerande garderobesystem. Og til dykk som hevdar at slikt må ein jo ha god tid til når ein skal ha permisjon og eit heeeeilt år med fri, ja så kan det jo alltids hende at ein har det då...?

30. desember 2010

Ei tid for alt

Eg har så inderleg lyst på nye kle. Lyst på alt som dei flotte, tynne, pene modellane i reklameblada har på seg. Her går eg med det einaste plagget eg får på meg for tida - tightsen. Ja, den har jo hatt ein fantastisk rennesanse, det er ikkje det. Og takk og lov for at han fins, og for at han framleis er relativt moderne! Eg har ikkje, med handa på hjartet, handla meg kle på 1,5 år. Ja, sett vekk i frå den ammegensaren eg bestilte på nettet her ein dag. Såpass måtte eg då unne meg. Men om tre veker har eg kroppen min for meg sjølv igjen. Då skal eg handle meg klede. Med godt samvit. Eg har jo gjort verdas viktigaste jobb :)

Leikar er ikkje rot

Eg nærmar meg to hundre kilo. Ja, til tider kan det kjennast slik. Rundt meg flyt det. Klossar, togbane, traktorar, bøker og blyantar ligg strødd overalt. Då magen er i vegen er det ikkje alltid at eg eingong ser kvar eg plasserar beina. Meir enn ein gong har eg teke meg i å bli ramlande irritert på alt eg trakkar på. Men så er det eg tenkjer; rot? Er det eigentleg rot, eller er det berre teikn til liv? Eg prøvar å forsone meg med det siste. For når ein har tre veker igjen til fødsel, ja så er ikkje det alltid høve til å ligge på golvet å prøve å sope i hop alle små irritasjonsmoment. Leikar er ikkje rot. Der det er born der er det liv.

Bahttebilæn

Sonen min er begynt å prate. Han er 18 månader, og han seier omtrent kva det skal vere. Sjarmen med å ha vestlending til mor og austlending til far er at dialekta hans kan fortone seg nokså spesielt. Foreløpig ser det kun ut til å vere eitt ord som skil seg frå dei andre sånn tonefallsmessig. Han seier "bahttebilæn" som om han skulle ha budd i Oslo heile sitt korte liv. Han meinar "lastebilen", men det var vel ikkje til å misforstå. Sonen min er ein sjarmerande liten krabat. Han elskar å få sitte på fanget til far sin, med høgre handa på musa og venstre trygt planta på tastaturet. Då er dei på youtube. Dei ser filmar om "bahttebilæn". Omatt og omatt.

29. desember 2010

Den finaste dressen


I kveld kom ho med han. Dressen eg har venta på. Den som skal vere til vår andre vesle skatt, som er venta om tre veker. Eg har teke ut både mønster og farge sjølv. Det er den finaste dressen eg har sett, og eg er så lukkeleg. Mi snilde snilde "svigermor" :)

Forseinka julekveld

Kva gjer ein i jula når to familiar bur seks timar og førti mil vekke frå kvarandre? Vi feirar julekvelden to gongar. I kveld kom "familien Aust" til vestlandet, og i morgon legg vi atter pakkane under treet. Riktignok andre pakkar enn dei vi opna på julekvelden. Pinnekjøtet vert bytta ut med ein forenkla variant, nemleg rømegraut. Riskremen vert bytta ut med oreokake. Rart, vil mange tenkje. For oss er dette heilt naturleg. Det er upraktisk å sende ti tusen presangar til austlandet, for så å få like mange i retur. Såleis samlar vi heller familien, og feirar heile romjula til ende. Dobbelt så stor lukke. Dobbelt så moro.

Inspirasjonskjelda

Kva treng ein for å kome i gong med blogging? Ein treng ti fingrar, ei datamaskin, eit visst lag med orda, men mest av alt - ein treng inspirasjon. I går kveld hadde eg besøk av mi beste venninne. Ho er den eg veit om i verda som skriv dei beste tekstane, som leikar seg best med orda, som kort sagt lagar den beste bloggen eg har lese. No skal eg ikkje skryte på meg å ha stor kjennskap til blogging, men av dei få eg har lese, så er det den som gjev meg mest. Den gjev meg det eg treng. Og no er eg altså i gong. Eg er inspirert.