31. desember 2010

To førebilete

Det er så mange eg beundrar her i verda. Eg kan sjølvsagt ikkje nevne alle, det ville ta meg tre hundre år. Eg skal fortelle litt om mine fantastiske foreldre.

Pappa er inkluderande, sosial, omgjengeleg, morosam og full av omsorg for alle rundt seg. Han søv gjennomsnittleg 5 timar pr natt, men er alltid full av energi og overskot. Han jobbar døgnet rundt, men har alltid tida likevel. Pappa er eit sosialt samlingspunkt og der han er, der er det liv. Pappa er ein menneskekjennar, og er så flink å velge dei riktige orda i rette situasjonar. Han kunne sikkert ha klart å holde i gong smalltalk med ei postkasse i godt over ein time, og kjem alltid opp med relevante og spennande tema som interesserer den han pratar med. Pappa skapar alltid gode resultat, og får nok sikkert mange gode tilbakemeldingar. Han likar ikkje å skryte, så desse held han som regel for seg sjølv. Han kunne sikkert starta flytte- og hjelpebyrå, og vert strålande glad dersom han får lov å hjelpe nokon. Ein tur til Bergen i veka med eit flyttelasss hadde ikkje vore han i mot. Pappa er utruleg glad i, og flink med barnebarnet sitt, og "moaff" har ei stor stjerne når han kjem durande med kvitebilen sin.

Mamma er utruleg hjelpsam og alltid positiv. Ho står på døgnet rundt for at alle rundt ho skal ha det bra. Mamma er utruleg pliktoppfyllande og ei typisk ledertype når det gjeld å ta ansvar. Dette gjeld spesielt i dugnads- og fritidsarbeid. Dersom nokon er usikre på kva dei skal gjere, er mamma den dei spør. Ho har sikkert eit svar. Ho tek gjerne på seg ansvar og, for då vert iallefall ting gjort :) Når damene i laja skal lage sang, ja då er ho den naturlege leiar. Mamma tilbyr seg minst ein gong for dag å hjelpe meg, og då med kva det enn måtte vere. Ho er snill, bedårande, ungdommeleg, fresh og full av liv. "Momo" er fantastisk å vere på besøk med, og veslegut har lært utruleg mykje av ho.

Ja, dette er to menneske eg er stolt av <3

1 kommentar:

  1. Ja, veit du Lina det har eg tenkt på mange gongar. At din familie virkar som ein fantastisk samansveisa og god gjeng! Dåkke set åpenlyst pris på kvarandre og ville ha gjort alt for kvarandre. Og det beste er at du fører ditta vidare til din "nye" familie med Ola og gutane òg!

    SvarSlett