31. januar 2011

Ei oppsummering av januar


Januar 2011:
4. januar; vart mamma til Oliver. Småbornsmor til to flotte gutar. Ein fantastisk månad. Verdas heldigaste.

Heimestrikka bamse



Då Oliver vart fødd hadde snilde bestemor strikka denne skjønne bamsen til han. Slikt kan ikkje kjøpast for pengar. Denne fins det berre ein av, og det er min vesle Oliver sin. Og så litt storebror sin, når veslebror ikkje merkar det..:)

30. januar 2011

Ti ting eg er utruleg glad for!

1. At begge gutane mine tek tutt.
2. At eg har ei nydeleg kvit lita datamaskin som let meg ha kontakt med omverda.
3. At vi bur eit steinkast frå den beste trillejenta, og to steinkast frå fine besteforeldre.
4. At eg eig både hus med garasje, bil og ein stor solvendt terasse.
5. At eg er sambuar med verdas mest fantastiske mann.
6. At det finst sjokolade.
7. At eg har ein stor, herleg peis.
8. At eg bur ved havet og at eg kan sitje inne når det er storm.
9. At eg dirigerar flott ungdom, og at eg sjølv spelar i korps.
10. At eg ikkje har hund eller rotter i hus.

29. januar 2011

Morgenstund...:)



Frå å i utgangspunktet vere eit uvilkårleg A-menneske, har eg no gått tilbake til tenåringsmodus. I min ungdom kunne eg like å sove til ti og gjerne elleve i helgane. I vaksen alder, og spesielt når ein har fått born, er ikkje dette mogleg lenger. I grunnen syns eg det er deilig å stå opp og å få komt i gong med dagen. Men å ha ein liten i hus byr på mykje natterangling, eting og skriking. No kan det sjå ut som at Oliver foreløbig er ein sovebaby, iallefall på morgonkvisten, og dette må utnyttast til det fulle. Vi vaknar tidleg på morgonen, et litt pupp, skiftar bleie og legg oss beint ned i senga igjen. Oliver får kjenne varmen frå mor, og mor kan nyte eit unekteleg behageleg B-menneske-tilvære igjen.

28. januar 2011

Eit hjarte av blomar:)



I mars 2010 hadde vi ei fantastisk koseleg helg på Refsetra. Ei venninne som eg gjekk på Manger FHS med og den skjønne familien hennar, kom på besøk. Dei kjem frå Sauda, men bur for tida i Bergen. Den helga fekk eg denne hjarteforma nydelege orchideen, og jammen blomstrar han igjen og igjen. Eg har ikkje spesielt grøne fingrar, men det er vel meininga at den blomstrar for at den skal minne meg om denne fantastiske jenta. Og det gjer den sanneleg og :)

27. januar 2011

Sengjamat


Noko av det kjekkaste med å få baby er all sengjamaten som fylgjer med. Og no er det ikkje sikkert at sengjamat er eit allment kjent omgrep, men det stammar vel i grunnen frå gammalt av når folk kom på barselbesøk og hadde med seg bakst og barselgraut til den som hadde fødd. I dag er grauten langt tørrare, og forekjem som oftast i form av harde eller mjuke pakkar, kle og leikar til babyen. Nokre er tilogmed så omtenksame at dei gjev mora lønn for strevet og, som jo eigentleg har gjort den viktigaste jobben ved å slite seg gjennom desse ni månadane med hormonar, vektauke(!) og ryggplager. Men no skal no ikkje eg personleg klage på det. For meg var det trass alt leikande lett, også denne gongen. Det er kjekt med barselgåver, og her er eit lite utval av alt det fine vi har fått til Oliver :)

25. januar 2011

Det store babyåret:)

Sist eg hadde permisjon var vi sju jenter som fann ut vi ville starte vår eiga faste lunsjgruppe. Kvar torsdag rullerte vi mellom stuene til kvarandre, og godta oss med gode lunsjrettar og enda betre dessertar, medan babyane låg og sprella på golvet! No viser det seg at fire av oss sju har fått eller skal ha baby i løpet av 2011 og..:) for nokre er det nr 2, for andre nr 4:) kjekt er det uansett! Så då blir det vel ei råd med å få oppretta torsdagslunsjen igjen. Vi gjer iallefall ein god innsats for å holde oppe folketalet i distriktet!

Og så akkurat i dag...

Det er ein nydeleg dag i Vågsvåg. Sola skin frå klarblå himmel, og det er frost på markja og på bilen. Sol er fint, men sol tyder støv. Irriterande at sola må forsterke det faktum at eg er ein slask på støvtørkinga! Eg er flink på å ta det synlege, men i solskin vert også alt det usynlege synleg. Og flaks for meg at helsestasjonen kjem på heimebesøk. Akkurat i dag. Men vi får satse på at ho festar blikket ved sonen min, og let støv vere støv.

24. januar 2011

Eit smykke på veggen


Når ein har hus, har ein konstant lyst til å fornye og å pusse opp. Det har ein vel forsåvidt sikkert same kva ein bur i, det vere seg ei leiligheit, eit skur eller i eit fjøs. Eg har hatt lyst å pusse opp sidan den dagen eg flytta inn. Men eg ville vente til eg var heilt sikker på korleis eg ville ha det. Framleis er eg ikkje sikker. Ein dag vil eg ha kvitt, neste dag latte. Så kjem der ein dag eg vil ha industriteppe i trapp og på loft, medan neste dag vil eg male det flotte tregolvet kvitt. Det er ikkje mykje eg veit. Men ein ting veit eg; eg vil ha eit stort og flott smykke på ein av veggane. Her kan de forresten sjå enda fleire skattar. Drøym deg vekk på; http://www.veggfolie.no

23. januar 2011

Ein hektisk søndag

Olaen har vore på seminar med korpset denne helga. Eg har vore heime med gutane x 3. Og heldigvis for at eg har hatt tre gutar. Onkel Mathias er mi høgre hand, og fantastisk flink med dei små nevøane sine. Han løftar storebroren og hjelper meg med alt det måtte vere! Det er rart med det, men i haust var alltid helgane mykje meir avslappande enn vekedagane. No er det såvisst motsett. I helgane er storebroren heime frå barnehagen, og då er det naturleg nok meir å henge fingrane i. Men for all del, eg klagar ikkje. Eg tek berre litt tidlegare kveld;) Og det kan jo trengast sidan det ikkje er spesielt mykje soving om natta! :)

22. januar 2011

Den travle besteforeldregenerasjonen

Når eg var lita var besteforeldra mine relativt gamle. Dei var alltid heime. Hadde alltid nybakte bollar, og var alltid tilgjengelege for besøk av oss borneborna. Besteforeldra til sønene mine er ikkje spesielt gamle. Ikkje i mine auge iallefall. Dei er sjeldan heime og har sjeldan nybakte bollar. Hovudskilnaden på besteforeldre før og besteforeldre no, er nok graden av tilgjengelegheit. Foreldra mine har omtrent ikkje ei helg som står ledig, eller som er relativt planlaus. Og ikkje at dette er noko negativt. Eigentleg tvert om. Eg syns det er bra at dei er aktive, sosiale og såleis held seg i form. Dei går på øving ein kveld i veka, deltek på festar, køyrer til og frå fritidsaktivitetar, er på øvingshelgar, på møter og kurs, korpsturar, konkurransar, pleiar naboskap, arrangerar garasjefestar, køyrer rundt i postkassene med Vredens Gnag, og alt dette utanom den ordinære 100%-jobben dei går i kvar ein dag. Men same kor mykje dei har, og kor travle dei er, så tek dei seg alltid tid til å tilbringe kvalitetstid med familien sin. Neste helg skal sonen min få overnatte med besteforeldra sine. Ei av veldig få planlause helgar, og då ber dei om å få lov å passe ein som dei er så glade i :) Dei er slett ikkje så verst, dagens besteforeldregenerasjon..!

21. januar 2011

Quinnyen min :)


Spørsmålet har lagt uavklart i fleire månader; to vogner eller søskenvogn?? Her kjem hypotese, utgreiing og avklaring rundt temaet.

Hypotese: Med to så tette ungar (18 mnd i mellom), så er ei søskenvogn uunngåeleg.

Status i det daglege: Benjamin er i barnehagen fem dagar i veka. Oliver er heime kvar dag. Det vil altså berre vere om ettermiddagane og i helgane det er aktuelt å ha med begge på tur samtidig.

Utgreiing: Ei søskenvogn er praktisk dersom begge er interessert i å sitje i den. Vidare er den praktisk fordi ein får med seg to ungar på ein gong, utan å trenge å slepe den eine med seg til beins eller få avslete ein arm fordi ein må bære ein av dei. Ein treng kun å slå i hop ei vogn framfor to. Det som er upraktisk med ei søskenvogn er at ho er stor, og følgeleg tek stor plass. Ho er brei, og kanskje vanskeleg å få inn dører. Det vil dessutan sjå litt rart ut dersom ein berre har med seg ein av ungane.
To separate vogner er praktisk fordi ei enkelt vogn tek mindre plass både i bilen og i gangen. Den er lettare å manøvrere på smale fortau og rundtom i butikkar. Dessutan går det an å sysselsetje to trillejenter dersom ein har to vogner. Det upraktiske med to separate vogner er jo på den andre sida at ein nødvendigvis treng fire armar dersom ein skal ha med begge ungane.

Avklaring: Vi kom til at det er såpass sjeldan vi har behov for å ha med oss begge ungane i vogn, når vi berre er ein vaksen. Dei gongane vi skal på langtur er vi som regel begge to med, og då kan ein sitje i vogn og den andre kan bærast (eller evt fraktast i ei handlevogn). Til dagleg er det berre Oliver og eg heime, og då legg eg han i softbagen og puttar han i den "nye" sportsvogna som vi nettopp har bestilt oss på Finn.no. Det er genialt. Og når ikkje Oliver ligg der, fungerar den fint som sportsvogn til Benjamin. Og då kan den andre vogna berre bu i barnehagen :)
Så det vart altså to vogner på oss. Men no bur vi på "landet" og har ikkje mindre enn to bilar, så vi kan køyre til døra, same kor vi skal. Hadde vi budd i ein storby og vore avhengig av buss, ville nok både hypotesa, utgreiinga og avklaringa vore heilt annleis.

Håpar du vart klok på dette, om det skulle interessere deg, og om du nokon gong skulle havne i denne knipa at du må ta stilling til to vogner eller søskenvogn :)

Anna Pihl


Eg er ikkje ein film- og serieperson. Det vil seie, eg likte "Dirty dancing", "Flashdance" og "Ringenes Herre". Eg likar "Frustrerte fruer", "Greys anatomy", "Bonderomantikk" og greit - ein god del av dei andre kommersielle seriane som heile verda ser på. Men eg føl stort sett berre ein eller to seriar i veka. I 2009 fekk vi sesong 1 av Anna Pihl på DVD. Det tok meg nesten eitt år å setje han i spelaren for å undersøke kva dette var. Når vi fyrst hadde sett ein episode var vi hekta. Og om du skulle lure på kven eg "viar" meg med, så er det kjærasten. No har vi fått både sesong 2 og 3, og kosar oss med ein ny episode kvar kveld. Det er strålande underhaldning, og kan absolutt anbefalast. Dansk krim på sitt ydderste! "Stæsson, stæsson! Vi har en giselsituæson i Kirkebergsvej, 205 205, skiftær". Got to love it!

Nokon som har tips til andre seriar ein kan kaste seg på etter at Anna Pihl har fått løyst ferdig alle sine mysterier og gisselsituasjonar?

Ei kvardagsheltinne


Kvardagsheltinne. Ei som støtt seier ja, ei som tilbyr seg å passe sonen min, som kjem overraskande på øving med vaflar til musikantane, som alltid set andre sine interesser framfor sine eigne. Eg er heldig som kjenner ei slik. Alltid smiler ho, og alltid er ho interessert i korleis det går med deg. Ho er gjestfri, humoristisk, inkluderande og flink med born. Eg er så glad for at ho tilbringer to vekedagar i lag med sonen min :)

20. januar 2011

20. januar

20.01.2011
Denne datoen har lagt og svirra i hovudet mitt sidan byrjinga av november. Då var eg på ultralyd, og det vart avgjort at eg skulle ta keisersnitt ved fødselen på denne datoen. Eg byrja å innstille meg på denne datoen, men hadde likevel ei kjensle av at den vesle knerten/knertinda kunne tenke seg ut tidlegare. Eg fekk visst rett. Men i dag, den 20.01.2011 så er eg berre glad og lukkeleg for at eg kan sitje her med ein vital, frisk og skjønn liten gut, som ville ut for å helse på, på sjølvaste dagen hass far <3

Velkommen til mi verd :)

Så vert eg endeleg offentleg med bloggen min! Har halde på i omlag ein månad no, berre sånn for å prøve om dette verkeleg er noko for meg. Og jammen trur eg at dette er heilt meg. Eg storkosar meg med å skrive ned alskens pjatt, og no vil eg også dele det med nettopp deg! Eg prøvar å skvise ut eit innlegg for dag, så du må gjerne bokmerke meg og kommentere om du skulle få lyst. Det er jo og ein måte å halde kontakten på ;) Og i permisjonstilværet kan det jo kanskje vere greitt å ha litt kontakt med omverda. Sjølv om innlegga mine berre omhandlar kvardagslege tema, så håpar eg du likevel kan finne noko som treff akkurat deg :)

17. januar 2011

Eg må få meg eit liv!

Gurimalla, kor mange ulideleg keisame innlegg eg har skrive til no. Om tørketromlar, ved, mannemusklar, morfarar og andre fine folk. Vitnar om eit liv i ein lenestol. Eg burde komme meg på kafè, på konsert, på pub. Komme meg på barselkafè, babysong eller eitelleranna slik at eg får noko spanande å skrive om. Sonen min er trass alt berre 12 dagar endå. Det kan hende der kjem dagar der eg og skal ut i verda..! Time will show :)

Tørketrommelsakn

Mitt neste store innkjøp er ein tørketrommel! Må ha det. Berre må ha det. Vi har støtt og stadig folk på besøk. Folk genererar rot. Sengkle, laken og handkle. Og dette er jo pissumuleg å få tørka på tørkestativ. Løysinga blir å henge dei over dører og skåp. Og eit ordensmenneske, som eg faktisk har vist meg å vere, vert oppkava av slikt. No er vi fire menneske i huset. Dei små brukar eit skift for dag. Vaskemaskina står aldri i ro, og tørkestativa er smekkfulle heile tida. Eg gler meg til vi gidd å ta oss råd til å kjøpe tørketrommel. Det er nok eit must i 2011. Inntil vidare gler eg meg så inderleg til våren kjem, og til sengkleda kan blafre i vinden, medan eg ruggar vogn, drikk te og solar meg på altanen!

"Fin blogg, men..."

"Fin blogg, men kvar er innlegget om kor store musklar eg har?". Ja, han er herleg, kjærasten min. Dette var den fyrste reaksjonen eg fekk då han hadde teke ein tur innom bloggen min. Og sjølvsagt var det jo heilt naturleg at dette måtte bli mitt neste innlegg. Så her kjem det; kjærasten min har alvorleg store musklar, og er sjølve symbolet på ein mannemann! Og det kan eg like.

16. januar 2011

Ein kald kjellar full av varme

Olaen min har med god hjelp frå sin far, fyllt heile kjellaren vår med tørr og god ved. Flaks for meg som er så frostig, og som er mindre glad i høge strømrekningar. No satsar vi på at vi har fyr i peisen resten av den pissekalde vinteren vi har hatt til no. Tenke seg til meir kos enn å kunne sjå og høyre at det knitrar i peisen, med ein nyfødd liten bylt på brystet, te i koppen og ei god bok lett tilgjengeleg. Eg skal straks hive meg over "vidunderbarn". Eg gler meg.

Verdas beste dagmamma

Eg var så heldig då eg var lita, at eg fekk vere heime med dagmamma fram til eg var fem år. Margit og eg. Verdas beste dame. Ho kom heim til oss kvar einaste morgon klokka åtte. Fyrst var det frokost. Så var det å vente på neste måltid, som oftast kaffi og kaker med dei gode veninnene til Margit. Eg elska å vere med. Elska å få dekke på, servere kaffi og å få gjere som dei vaksne damene. Om ettermiddagen gjekk vi alltid tur ned te "sjøna". Der trakka vi rundt, trefte gjerne Myhren eller andre vi kunne prate med, og venta til mamma og pappa kom køyrande. Så kom dei, eg fekk sitje på heim, og Margit var ferdig for dagen. Neste dag var som oftast ganske identisk med dagen før.

Då eg var fem år byrja eg i barnehagen. Det hadde eg nok ikkje vondt av, men saknet av Margit stakk djupt. Flaks for meg så kom der ein bror i familien då eg var seka år, og eit år etterpå var Margit på plass i heimen igjen! Så når eg kom heim frå skulen om dagane, ja så var det til verdas beste bror og dagmamma.

No er ho byrja å bli sleta. Eg tenkjer på ho kvar dag, og er så inderleg glad i ho. Eg er evig takksam for alt ho har vore for meg. Alle burde få høve til å knyte seg så sterkt til eit anna menneske i ung alder. Det har gjeve meg så mange gode verdiar, og få personar har lært meg så mykje som nettopp Margit har gjort..

Ei fin klasse

Det er ikkje fritt for at eg tek meg sjølv i å sakne klassa mi. Klasse 8A på Vågsøy ungdomsskule. 28 flotte ungdommar. Eg veit ikkje om eg får komme tilbake til dei, men det håpar eg. Ein omsorgsfull, inkluderande, lærevillig og snill gjeng.

14. januar 2011

Om det å blogge


No har eg blogga i snart tre veker. Eg synst eg har fått til ein fin blogg, og eg synst det å skrive "dagbok" på nett fungerar relativt bra. Det er påfallande kor mykje kjappare det går å skrive på maskin enn å skrive for hand. Dessutan er det ingen som les mine personlege memoarer dersom eg skriv dei for hand. Ikkje at eg ville gjort det uansett. Eg kan nok i si tid ha blitt kalla ein sporadisk dagbokskrivar. Som regel alltid dei to fyrste vekene etter nyttår, fordi eg då hadde fått meg ny dagbok til jul. Så vart eg lei. Ferdig med det. Men å skrive blogg er ei heilt ny og fantastisk verd. Og så går det himla kjapt å legge ut noko uinteressant piss. Men eg likar det no. Så håpar eg at de også finn noko som gjer bloggen min verd å lese.

Den finaste morfaren

Vi er så velsigna at vi har mormor og morfar til nærmaste naboar. Etter fødselen får ikkje eg lov til å lyfte meir enn fem kilo på heile seks veker. Det er faktisk ei stor utfordring, sidan storebror framleis er så liten at han ikkje kan klatre opp i stolen sin sjølv. Han kjem seg ikkje opp på stellebordet, og ikkje opp i senga. Eg kan altså ikkje vere aleine med dei to gutane mine på fleire veker endå. Då er det at eg er så glad for mamma og pappa. I går, når Ola var på musikkøving, kom pappa for å hjelpe meg. Det at han haltar er ikkje noko hindring for at han kan skifte bleie, ha på pysj, ordne skjever, sette han opp i stolen, gje han mjølk, pusse tenner og legge han i senga. Benjamin var storfornøgd med å ha besøk av "mophhaa". Morfar var storfornøgd med å få vere til hjelp. Mamsen observerte det heile med varme i hjartet. Vinn vinn vinn gonger tre!

13. januar 2011

Lukka er ein pose smågodt :)


Akkurat no fekk eg heilt enormt lyst på smågodt. Ein stor pose fyllt med festkaramell, sure smukkar, krokodiller, minde spesial, sure aprikosar, salte fiskar, smarties og ikkje minst sånne store figursjokolada med stratossmak. Namnamnam! I dag er det torsdag. I heile år har eg faktisk vore ekstremt flink til å ikkje ete snop i veka. Vi treng ikkje å snakke om at året berre er 13 dagar gammalt. Så då må det kunne vere lov å unne seg litt i helga. I morgon er det fredag. Hurra!

12. januar 2011

Tid for hjem


Eg har lyst på besøk av gjengen frå "Tid for hjem". Korleis går eg fram? Eg har lyst til å sleppe dei laus på kjøkenet mitt, eller muligens på garasjeloftet, og i aller høgste grad kunne eg tenke meg at dei tok ei heftig overhaling av den grøne gangen min. Kleisa inn nokre lekre garderobeskap, og smarte oppbevaringsløysingar. Samt at dei kunne opna opp og fått den til å verke større. Dei er så flinke i "tid for hjem", og så verkar dei relativt jordnære. Ja, i samanlikning med "extreme makeover - home edition" og "Colin og Justin pusser opp". Der tek det jo heilt av, men la no det vere ei anna sak. Hvis nokon veit kva som skal til for å få besøk av denne flotte gjengen, -let me know!

Takk for alt, jula 2010 :)


Så er dagen komen. Siste restane av jula skal ut av huset. Julekuler, nissar, englar, glitter og stas. Det store ruvande juletreet må vike plass for babyvogga. Julestjerna skal byttast ut med vanlege lyspendlar i vindauga. Det skal bli inderleg godt. Ein slags ny start på eit nytt og spanande år. Eg synast i grunnen ikkje noko om å feire jul til langt ut i januar. Eg likar mykje betre å pynte 1. desember og heller kaste jula på dør 1. januar. I år rakk eg det ikkje. Det hadde sine naturlege årsaker. Neste år. Då skal eg iallefall ikkje vralte rundt som ein pingvin i julehelga, og langt mindre skal eg føde fire dagar etter at eg har arrangert nyttårsfest for 11 stk.

No går eg og finn ei kasse eller to. Takk for alt, jula 2010.

10. januar 2011

"slank deg"

Januar månad. Det er ein ting som er i fokus, nemleg slanking. I blad, på nettet, reklamer, annonser, ja der er endåtil eigne tv-program om slanking. No har vi brukt heile desember på å ete oss opp på tunge tradisjonsmiddagar, og ikkje før vi bikkar eit nytt år så skal det altså vekk igjen. Sjølv om ein gjerne ikkje vil vedgå det, så trur eg nok at alle med jamne mellomrom tenkjer på eigen kropp og vekt med ein viss bismak. Alle kjenner vi vel at vi har litt for mykje her og der. Eg tenkjer også det. Men samstundes klarer eg også å skubbe desse tankane til side. Trass alt er det viktigare å vere frisk og rask enn å ha fem kilo for mykje på kroppen. Ja, greitt - hadde eg faktisk vegd to hundre kilo, så burde eg nok i større grad ta til meg hinta som ligg strødd rundt meg overalt. Heldigvis har eg det godt i den kroppen eg har, så det blir nok ikkje til at eg tek innover meg alle annonsane om "slank deg" i år heller. Iallefall ikkje i nevneverdig grad.

8. januar 2011

"Beeeibi, beeeebi, bahttebilen!!"

Ja, slik var den aller fyrste reaksjonen. Ein liten gut sitt aller fyrste møte med veslebror sin. "Beeeibi, beeeebi, bahttebilen!!" Mest var det nok stas at mamma kom heim. Og jammen var det stas å ha status som den heimattvende mora og. Eg fekk suss på munnen. Heftig og vått. Vi skulle teikne i lag, vi skulle leike med traktoren og vi skulle lese "bot". Eg konsentrerte meg fullt og heilt om Benjamin. Der var mange nok andre som skulle dulle med Oliver. Eg ser utfordringane som kjem. Måltidssituasjon, stell, kos, leiketid. Desse kjem nok i eigne avsnitt i bloggen min. Foreløbig kosar eg meg glugg i hjel i den nye kvardagen. Eg har to velskapte, fantastisk skjønne gutar. To brør som skal krangle, sloss, leike i lag, dele rom, føre samtaler, synge i lag, lage show, spele i korps og spele fotball på plena. Eg kan ikkje anna enn å smile.

7. januar 2011

nyttårssal

Her set eg då, på sjukehuset, og tenkjer på alt eg skulle ha handla på sal. Ja, for det var det eg skulle bruke denne veka på. Mi fyrste veke med permisjon. Tøflar til gutane, sko til meg sjølv, og ja - så skulle eg jo sjølvsagt skaffe meg ei herleg belønning for den jobben eg har gjort. Det var bare det å finne ut kva. Eigentleg er det vel slik at eg kanskje skal sleppe å kjøpe noko sjølv, men dersom det ikkje dukkar opp noko, så må eg vel til med det! Smykke? Jakke? Lekre støvlettar? Jatakk, gjerne alt! Men når eg set her og ser på den nydelege sonen min, så slår det meg at det er mange ting her i livet som er viktigare enn eit nyttårssal,

6. januar 2011

tankar rundt ein mor/born-relasjon

Oliver og eg er i ferd med å bli godt kjende. Det vil seie, eg kjenner iallefall HAN rimeleg godt no, og veit kva han trivst best med. Mellom anna viser han større preferansar for den blå tutten enn for den kvite. Han likar betre å ha på seg kle enn å vere naken. Han likar betre å sove på brystet til mor enn i si eiga seng, og han er ein racer på puppen!

Men kva veit han i grunnen om meg? Sett vekk i frå at eg har eit godt bryst å sove på og at eg syng rimeleg fint når eg skal rugge han i søvn? Nesten ingenting. Men samstundes kjenner han meg såpass at han veit at eg er mor hans. Ho med mjølka, og såleis også den viktigaste personen. Så det er lurt å halde seg inne med denne dama her. Det er ingen han kjenner betre. Forsvinn eg, forsvinn tryggleiken. Likar eg å tru.

Eit spesielt sakn

Å vere vekke frå det ein er mest glad i her i livet, kan gjere så ufatteleg vondt. Å ligge på sjukehus med ein sprell levande nyfødd son er heilt spesielt og veldig nydeleg. Å ligge på sjukehus og å måtte høyre sonen sin grine og seie "mamma" gjennom telefon, er utruleg vondt. Kva forstår ein gut som er 1,5 år? Kjem mamma nokon gong til å komme heim? Mamma er jo alltid til stades, så kvar er ho no? Heldigvis går nok dagane fortare for han enn for meg. Han er travelt oppteken med barnehagen, med Malin, med tattoj og bahttebilen. Når kvelden kjem og han skal kose seg med melk på fanget, lese bok, pusse tenna og lalle senga - ja, då er det nok at saknet er størst. Eit gjensidig og høgst naturleg sakn. Men heldigvis kjem mamma snart heim :)

Du snakkar om bursdagsgåve

Dette er ei historie eg neppe blir lei av å fortelje. Om 4. januar 2011. Dagen då min nydelege son, Oliver, kom til verda.

Det er mandag kveld, 3. januar. Vi har framleis huset fullt av besøk. Det er kvardag igjen. Benjamin har vore litt dårleg i dag. Kasta opp, og måtte derfor vere heime frå barnehagen. Eg lagar heimelaga fiskegrateng til middag. Etter middagen kjenner både eg og Ola oss dårlege. Vi legg oss samtidig som Benjamin legg seg. Då Ola byrjar å kaste opp utpå kvelden anar eg ugler i mosen (uff, for eit forferdeleg uttrykk). Eg tilkallar mamma slik at ho kan hjelpe meg med å ta seg av Benjamin. Natta kjem, og vi vert skikkeleg dårlege begge to. Då kvalmen avtek, men ikkje magesmertene, er det at eg slår alarm. Vi forstår at sykja har framprovosert fødselen, 3 veker før tida (endå godt eg ikkje fekk sykja i november..!). Ambulanse vert tilkalla, og eg gjennomfører ein 3-timers heltedåd ved å vere passasjer i ambulansen frå Vågsvåg til Førde. For all del, sjåføren kjørte kjempefint, og dei tilsette gjorde ein fantastisk jobb. Ikkje deira feil at det var kjettingspor langs heeeeeile vegen.

Grunnen til at eg måtte til Førde var at eg måtte på isolat som fylgje av at eg var smittebærar. Ola, som har bursdag akkurat i dag, må altså vere igjen heime sidan han sjølv er smittsam. Far Vågsvåg, Son Holvik barnehage, mor FØRDE!
Resten av historia kort oppsummert; spinalbedøvelse, keisersnitt, Oliver, kl. 16.25, 3560 gr, 47 cm, perfekt!
Og så ringte eg og fortalte verdas stoltaste far at han var blitt pappa til endå ein fantasisk nydeleg gut. Du snakkar om bursdagsgåve :)

2. januar 2011

Det kan vel ikkje skade, med ei kort årskavalkade?

2010 - eit år forbi

Januar: Pappa bryt foten og det er byrjinga på eit laaangt år.
Februar: Vi er i Bergen på NM, spelar "Rennaisance"og gjer det rimeleg greitt.
Mars: Vinteren ligg tungt, og mor og Benjamin nyt siste tida heime i lag.
April: Permisjonen til mor er over, og musikkskulevikariatet ho har fått er fantastisk kjekt.
Mai: Ola byrjar 30 % i ny jobb, held fram med 50 % i den gamle, og har 20 % heimetid med sonen sin.
Juni: Vi reiser te Tyrkia på ferie, og har to deilige veker med familien.
Juli: Benjamin feirar sin fyrste bursdag, mor har sommarferie, men er relativt slapp og gravid!
August: Benjamin byrjar i barnehage og mor i ny jobb på ungdomsskulen.
September: Det er ein god og varm månad, og rutinane våre går overraskande glatt. Ein "stjerne-A4familie"
Oktober: Far tek til 100 % i ny jobb i Videonor, og han glødar over dei positive forandringane.
November: Mor byrjar å bli rimeleg stor, men held ut med ein jobb ho stortrivst i.
Desember: Vi pyntar huset til jul, og gledar oss til å bli endå eitt familiemedlem på nyåret.

Petimeter


Sonen min viser tidleg teikn til å bli ein ordensmann. Han er usedvanleg glad i å sortere ting etter farge, storleik og form. Så skal det sjølvsagt stillast ut, eller leggast etter kvarandre på ei flate. Her har han sortert toga sine, og har berre stilt ut dei gule. Dei raude, grøne og svarte har altså fått fri.

1. januar 2011

Ei nyttårsfeiring av dei sjeldne


Middag og nyttårsbukkar
Vi har feira vår fyrste nyttårskveld i huset vårt. Vi hadde heile storfamilien samla under eitt og same tak. Middagen byrja klokka 17. Vertinna sjølv sto for poteter, surkål, raudkål, nydelig kålrabistappe og kvit julepølse. Mamma sto for vatning og damping av ribbene, då eg ikkje heilt stolar på eigne skills på feltet. Og ein skal ikkje tukle med det som kjem til tradisjonsmat. Middagen var særs vellukka, med 11 flotte menneske til bords. Og så nyttårsbukkane då. Dei ramla inn jamt heile kvelden, og det er ikkje nokon tradisjon som er kjekkare at ungane held på enn akkurat denne. Forsåvidt er det ikkje berre ungar. Det kjem like mange vaksne. På dette feltet blir ein vel eigentleg aldri vaksen. Og dei var utkledd som alt i frå Ole Brumm til Josef og Maria, Lady Gaga og Pippi Langstrømpe.

Familieband
Etter middag vart det rigga opp til jam med bandet. Synth, minitrommesett, ukulele, euphonium og to trompetar jalla i veggane i godt over ein time. Yngstemann i huset hadde svikt i knea og jubla høgare enn høgast etter kvar låt. På repertoaret sto diverse julelåtar som "O helga natt", "O jul med din glede" og "Last christmas". Dette vart suksess, og garasjebandet er foreløpig forflytta innom hus.

Klokka 00.00
Delar av familien forflytta seg mot kapellet i Vågsvåg, der det var tid for å ringje inn det nye året. Det er pappa og min onkel som har ansvaret for dette viktige oppdraget ein gong i året. Det er tradisjon. Attepå er det sjølvsagt på sin plass med ein jegermaister for å ynskje kvarandre alt godt for det nye året. Og når alle andre i bygda var ferdige med oppskytinga si, rundt 00.15, var det tid for oppskyting i Wågelund og på Refsetra. Ein halvtime holdt vi showet aleine. Fetter Petter i Wågelund vart ubeseira rakettkonge også i år. For han er nok dette årets høgdepunkt. Ingen over, ingen ved sida. Eit fantastisk lysshow. Ein fantastisk start på det nye året. Men best av alt, augneblinken vart delt med dei eg er aller mest glad i.