17. januar 2011

Eg må få meg eit liv!

Gurimalla, kor mange ulideleg keisame innlegg eg har skrive til no. Om tørketromlar, ved, mannemusklar, morfarar og andre fine folk. Vitnar om eit liv i ein lenestol. Eg burde komme meg på kafè, på konsert, på pub. Komme meg på barselkafè, babysong eller eitelleranna slik at eg får noko spanande å skrive om. Sonen min er trass alt berre 12 dagar endå. Det kan hende der kjem dagar der eg og skal ut i verda..! Time will show :)

2 kommentarer:

  1. Eg må no seie at eg lika innlegga om kvardagslege ting! Kjekt å lese om det ein kjenne seg att i.

    Og tørketrommel er eit skikkelig sakn her i gården òg!

    SvarSlett
  2. å, ka bra å høyre :) uff, eg skjønnakje koffor sånne ting kosta minst 5000 kroner.. DET e sure penga det..

    SvarSlett