29. januar 2011

Morgenstund...:)



Frå å i utgangspunktet vere eit uvilkårleg A-menneske, har eg no gått tilbake til tenåringsmodus. I min ungdom kunne eg like å sove til ti og gjerne elleve i helgane. I vaksen alder, og spesielt når ein har fått born, er ikkje dette mogleg lenger. I grunnen syns eg det er deilig å stå opp og å få komt i gong med dagen. Men å ha ein liten i hus byr på mykje natterangling, eting og skriking. No kan det sjå ut som at Oliver foreløbig er ein sovebaby, iallefall på morgonkvisten, og dette må utnyttast til det fulle. Vi vaknar tidleg på morgonen, et litt pupp, skiftar bleie og legg oss beint ned i senga igjen. Oliver får kjenne varmen frå mor, og mor kan nyte eit unekteleg behageleg B-menneske-tilvære igjen.

3 kommentarer:

  1. Oppdaga forresten at eg har same tittel på mitt siste blogginnlegg som du har her! Pussig. Det vakje medviten herming fra mi side, men kanskje umedeviten?:)

    SvarSlett
  2. hehe.. festleg! to kloke sjeler tenke jo relativt likt :) ser du har hatt ein keisam søndag! Ska love deg at søndag om to veker blir langt frå keisam;) hihi..

    SvarSlett