21. januar 2011

Anna Pihl


Eg er ikkje ein film- og serieperson. Det vil seie, eg likte "Dirty dancing", "Flashdance" og "Ringenes Herre". Eg likar "Frustrerte fruer", "Greys anatomy", "Bonderomantikk" og greit - ein god del av dei andre kommersielle seriane som heile verda ser på. Men eg føl stort sett berre ein eller to seriar i veka. I 2009 fekk vi sesong 1 av Anna Pihl på DVD. Det tok meg nesten eitt år å setje han i spelaren for å undersøke kva dette var. Når vi fyrst hadde sett ein episode var vi hekta. Og om du skulle lure på kven eg "viar" meg med, så er det kjærasten. No har vi fått både sesong 2 og 3, og kosar oss med ein ny episode kvar kveld. Det er strålande underhaldning, og kan absolutt anbefalast. Dansk krim på sitt ydderste! "Stæsson, stæsson! Vi har en giselsituæson i Kirkebergsvej, 205 205, skiftær". Got to love it!

Nokon som har tips til andre seriar ein kan kaste seg på etter at Anna Pihl har fått løyst ferdig alle sine mysterier og gisselsituasjonar?

2 kommentarer:

  1. Du bør i aller høgste grad sjå nærare på "Pretty Little Liars"! Den er eg blitt hekta på. Det er liksom ungdomsutgåva av "Frustrerte Fruer". Dei har same plott som i sesong 1 av "Frustrerte" ("Hm, kvifor døydde venninna vår? Her er det noko muffens!"), berre at alle er tjue år yngre og nysminka til alle tider. Men det funkar, er veldig spanande!

    SvarSlett
  2. takk, den skal eg jammen meg sjekke ut :)

    SvarSlett