21. januar 2011

Quinnyen min :)


Spørsmålet har lagt uavklart i fleire månader; to vogner eller søskenvogn?? Her kjem hypotese, utgreiing og avklaring rundt temaet.

Hypotese: Med to så tette ungar (18 mnd i mellom), så er ei søskenvogn uunngåeleg.

Status i det daglege: Benjamin er i barnehagen fem dagar i veka. Oliver er heime kvar dag. Det vil altså berre vere om ettermiddagane og i helgane det er aktuelt å ha med begge på tur samtidig.

Utgreiing: Ei søskenvogn er praktisk dersom begge er interessert i å sitje i den. Vidare er den praktisk fordi ein får med seg to ungar på ein gong, utan å trenge å slepe den eine med seg til beins eller få avslete ein arm fordi ein må bære ein av dei. Ein treng kun å slå i hop ei vogn framfor to. Det som er upraktisk med ei søskenvogn er at ho er stor, og følgeleg tek stor plass. Ho er brei, og kanskje vanskeleg å få inn dører. Det vil dessutan sjå litt rart ut dersom ein berre har med seg ein av ungane.
To separate vogner er praktisk fordi ei enkelt vogn tek mindre plass både i bilen og i gangen. Den er lettare å manøvrere på smale fortau og rundtom i butikkar. Dessutan går det an å sysselsetje to trillejenter dersom ein har to vogner. Det upraktiske med to separate vogner er jo på den andre sida at ein nødvendigvis treng fire armar dersom ein skal ha med begge ungane.

Avklaring: Vi kom til at det er såpass sjeldan vi har behov for å ha med oss begge ungane i vogn, når vi berre er ein vaksen. Dei gongane vi skal på langtur er vi som regel begge to med, og då kan ein sitje i vogn og den andre kan bærast (eller evt fraktast i ei handlevogn). Til dagleg er det berre Oliver og eg heime, og då legg eg han i softbagen og puttar han i den "nye" sportsvogna som vi nettopp har bestilt oss på Finn.no. Det er genialt. Og når ikkje Oliver ligg der, fungerar den fint som sportsvogn til Benjamin. Og då kan den andre vogna berre bu i barnehagen :)
Så det vart altså to vogner på oss. Men no bur vi på "landet" og har ikkje mindre enn to bilar, så vi kan køyre til døra, same kor vi skal. Hadde vi budd i ein storby og vore avhengig av buss, ville nok både hypotesa, utgreiinga og avklaringa vore heilt annleis.

Håpar du vart klok på dette, om det skulle interessere deg, og om du nokon gong skulle havne i denne knipa at du må ta stilling til to vogner eller søskenvogn :)

3 kommentarer:

  1. Haha, fine refleksjonar! Eg vei ken eg ska ringe viss eg nåken gong havna i dinna situasjonen for å be om råd:) I Oslo må det vere et hinsides pjask med to små, viss ein ikkje har bil og er avhengig av trikk og liknande. Mange her som har "kø-vogn" til søsken, det vil seie ei dobbelvogn der ungane ikkje sit ved sidan av kvarandre, men eine framfor hin. Det blir jo ryse långt, men ikkje so breidt, i alle fall. Alle valg ein må ta..! Godt eg berre har ei katte:p

    SvarSlett
  2. ja, har sett dissa kø-vognene. Då kjem praktikeren i meg fram igjen, og seie at det må no by på dårleg utsikt for den stakkaren so må sitte bak..? Det e himla månge valg her i livet.. men det e vel det so får ting te å få framover og?

    SvarSlett
  3. Ja, har tenkt på det sjølv, stakkar den som må sitte bak og glo!
    Ja, vi får tru det er sånn det funkar:)

    SvarSlett