27. januar 2011

Sengjamat


Noko av det kjekkaste med å få baby er all sengjamaten som fylgjer med. Og no er det ikkje sikkert at sengjamat er eit allment kjent omgrep, men det stammar vel i grunnen frå gammalt av når folk kom på barselbesøk og hadde med seg bakst og barselgraut til den som hadde fødd. I dag er grauten langt tørrare, og forekjem som oftast i form av harde eller mjuke pakkar, kle og leikar til babyen. Nokre er tilogmed så omtenksame at dei gjev mora lønn for strevet og, som jo eigentleg har gjort den viktigaste jobben ved å slite seg gjennom desse ni månadane med hormonar, vektauke(!) og ryggplager. Men no skal no ikkje eg personleg klage på det. For meg var det trass alt leikande lett, også denne gongen. Det er kjekt med barselgåver, og her er eit lite utval av alt det fine vi har fått til Oliver :)

1 kommentar:

  1. ja, det e så kjekt å få gåver:) Eg var imponert over alt vi fekk og alle som hugsa på oss! Og så sleppe man å kjøpe klede og leika til babyen på ei stond!

    SvarSlett