1. januar 2011

Ei nyttårsfeiring av dei sjeldne


Middag og nyttårsbukkar
Vi har feira vår fyrste nyttårskveld i huset vårt. Vi hadde heile storfamilien samla under eitt og same tak. Middagen byrja klokka 17. Vertinna sjølv sto for poteter, surkål, raudkål, nydelig kålrabistappe og kvit julepølse. Mamma sto for vatning og damping av ribbene, då eg ikkje heilt stolar på eigne skills på feltet. Og ein skal ikkje tukle med det som kjem til tradisjonsmat. Middagen var særs vellukka, med 11 flotte menneske til bords. Og så nyttårsbukkane då. Dei ramla inn jamt heile kvelden, og det er ikkje nokon tradisjon som er kjekkare at ungane held på enn akkurat denne. Forsåvidt er det ikkje berre ungar. Det kjem like mange vaksne. På dette feltet blir ein vel eigentleg aldri vaksen. Og dei var utkledd som alt i frå Ole Brumm til Josef og Maria, Lady Gaga og Pippi Langstrømpe.

Familieband
Etter middag vart det rigga opp til jam med bandet. Synth, minitrommesett, ukulele, euphonium og to trompetar jalla i veggane i godt over ein time. Yngstemann i huset hadde svikt i knea og jubla høgare enn høgast etter kvar låt. På repertoaret sto diverse julelåtar som "O helga natt", "O jul med din glede" og "Last christmas". Dette vart suksess, og garasjebandet er foreløpig forflytta innom hus.

Klokka 00.00
Delar av familien forflytta seg mot kapellet i Vågsvåg, der det var tid for å ringje inn det nye året. Det er pappa og min onkel som har ansvaret for dette viktige oppdraget ein gong i året. Det er tradisjon. Attepå er det sjølvsagt på sin plass med ein jegermaister for å ynskje kvarandre alt godt for det nye året. Og når alle andre i bygda var ferdige med oppskytinga si, rundt 00.15, var det tid for oppskyting i Wågelund og på Refsetra. Ein halvtime holdt vi showet aleine. Fetter Petter i Wågelund vart ubeseira rakettkonge også i år. For han er nok dette årets høgdepunkt. Ingen over, ingen ved sida. Eit fantastisk lysshow. Ein fantastisk start på det nye året. Men best av alt, augneblinken vart delt med dei eg er aller mest glad i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar