6. januar 2011

Du snakkar om bursdagsgåve

Dette er ei historie eg neppe blir lei av å fortelje. Om 4. januar 2011. Dagen då min nydelege son, Oliver, kom til verda.

Det er mandag kveld, 3. januar. Vi har framleis huset fullt av besøk. Det er kvardag igjen. Benjamin har vore litt dårleg i dag. Kasta opp, og måtte derfor vere heime frå barnehagen. Eg lagar heimelaga fiskegrateng til middag. Etter middagen kjenner både eg og Ola oss dårlege. Vi legg oss samtidig som Benjamin legg seg. Då Ola byrjar å kaste opp utpå kvelden anar eg ugler i mosen (uff, for eit forferdeleg uttrykk). Eg tilkallar mamma slik at ho kan hjelpe meg med å ta seg av Benjamin. Natta kjem, og vi vert skikkeleg dårlege begge to. Då kvalmen avtek, men ikkje magesmertene, er det at eg slår alarm. Vi forstår at sykja har framprovosert fødselen, 3 veker før tida (endå godt eg ikkje fekk sykja i november..!). Ambulanse vert tilkalla, og eg gjennomfører ein 3-timers heltedåd ved å vere passasjer i ambulansen frå Vågsvåg til Førde. For all del, sjåføren kjørte kjempefint, og dei tilsette gjorde ein fantastisk jobb. Ikkje deira feil at det var kjettingspor langs heeeeeile vegen.

Grunnen til at eg måtte til Førde var at eg måtte på isolat som fylgje av at eg var smittebærar. Ola, som har bursdag akkurat i dag, må altså vere igjen heime sidan han sjølv er smittsam. Far Vågsvåg, Son Holvik barnehage, mor FØRDE!
Resten av historia kort oppsummert; spinalbedøvelse, keisersnitt, Oliver, kl. 16.25, 3560 gr, 47 cm, perfekt!
Og så ringte eg og fortalte verdas stoltaste far at han var blitt pappa til endå ein fantasisk nydeleg gut. Du snakkar om bursdagsgåve :)

1 kommentar:

  1. Så det vart krisersnitt på deg? Eg òg hadde ein sonn sjukehusopplevelse med keisersnitt og fødsel "aleine" (masse sjukehusfolk, men Thormod var ikkje med). Men eg syns det gjekk veldig fint!
    Kan tenke meg at turen inn til sjukehuset var long med hompete vei:)

    SvarSlett