14. januar 2011

Om det å blogge


No har eg blogga i snart tre veker. Eg synst eg har fått til ein fin blogg, og eg synst det å skrive "dagbok" på nett fungerar relativt bra. Det er påfallande kor mykje kjappare det går å skrive på maskin enn å skrive for hand. Dessutan er det ingen som les mine personlege memoarer dersom eg skriv dei for hand. Ikkje at eg ville gjort det uansett. Eg kan nok i si tid ha blitt kalla ein sporadisk dagbokskrivar. Som regel alltid dei to fyrste vekene etter nyttår, fordi eg då hadde fått meg ny dagbok til jul. Så vart eg lei. Ferdig med det. Men å skrive blogg er ei heilt ny og fantastisk verd. Og så går det himla kjapt å legge ut noko uinteressant piss. Men eg likar det no. Så håpar eg at de også finn noko som gjer bloggen min verd å lese.

1 kommentar:

  1. Velkomen til bloggverda, kjære du! Eg vart fort hekta på dinna blogginga då eg begynte og no klare eg liksom ikkje å slutte med det! Eg skreiv alltid dagbok då eg var yngre. Eg fekk nesten eit tvangstankeforhald til det og fekk ikkje sove før eg hadde skrevet ned kva eg hadde gjort på den dagen! Blei ekstremt mykje kjedelig lesestoff der! Trur nok blogginga mi er litt sunnare enn det, for her tek eg rett som det er pauser. Det blir kjekt å fylje med på deg og din flotte familie!

    SvarSlett