24. januar 2011

Eit smykke på veggen


Når ein har hus, har ein konstant lyst til å fornye og å pusse opp. Det har ein vel forsåvidt sikkert same kva ein bur i, det vere seg ei leiligheit, eit skur eller i eit fjøs. Eg har hatt lyst å pusse opp sidan den dagen eg flytta inn. Men eg ville vente til eg var heilt sikker på korleis eg ville ha det. Framleis er eg ikkje sikker. Ein dag vil eg ha kvitt, neste dag latte. Så kjem der ein dag eg vil ha industriteppe i trapp og på loft, medan neste dag vil eg male det flotte tregolvet kvitt. Det er ikkje mykje eg veit. Men ein ting veit eg; eg vil ha eit stort og flott smykke på ein av veggane. Her kan de forresten sjå enda fleire skattar. Drøym deg vekk på; http://www.veggfolie.no

2 kommentarer:

  1. Veldig kult med skrift på veggen! Sjølv om det på bildet blir hakket for kårni for min del. Men ja til skrift:)

    SvarSlett
  2. Det var kun ein illustrasjon:) Syns det blei litt for meget eg og. Va i grunnen tenkt å ta bilde av den wallsticker`n eg fekk med deg, men latskapen tok overhand, så eg gadd ikkje gå opp. Men ein dag skal eg nok få lagt ut det og!

    SvarSlett