30. desember 2010

Leikar er ikkje rot

Eg nærmar meg to hundre kilo. Ja, til tider kan det kjennast slik. Rundt meg flyt det. Klossar, togbane, traktorar, bøker og blyantar ligg strødd overalt. Då magen er i vegen er det ikkje alltid at eg eingong ser kvar eg plasserar beina. Meir enn ein gong har eg teke meg i å bli ramlande irritert på alt eg trakkar på. Men så er det eg tenkjer; rot? Er det eigentleg rot, eller er det berre teikn til liv? Eg prøvar å forsone meg med det siste. For når ein har tre veker igjen til fødsel, ja så er ikkje det alltid høve til å ligge på golvet å prøve å sope i hop alle små irritasjonsmoment. Leikar er ikkje rot. Der det er born der er det liv.

1 kommentar:

  1. Leikar er IKKJE rot, nei:) Det er noko eg må seie til meg sjølv kvar dag.

    Grattis med fin blogg! Du har nok fått deg ein fast "kommenterar" no:)Gler meg til å fylje med på den!

    SvarSlett