31. desember 2010

nyttårsforsett

Som alle andre så bør vel også eg ha ei viss formeining om kva eg kan forbetre eller gjer annleis i året som kjem. Eg kjenner at eg syns det er vanskeleg. Burde eg få meg eit fadderborn? Burde eg tilby meg å vaske huset til mamma ein gong i veka, for alt ho har gjort for meg i året som har gått? Burde eg bli flinkare til å setje av tid til meg sjølv? Svaret er nok ja på det meste. Men likevel klarer eg bare å komme opp med ting eg har lyst å få gjort inni huset. Ja, oppgradering reint interiørmessig. Den mintgrøne gangen utan ein einaste lampett og med fullt av spikerhol i veggane vert nok fyrst og fremst prioritert. Samt å få på plass eit litt meir velfungerande garderobesystem. Og til dykk som hevdar at slikt må ein jo ha god tid til når ein skal ha permisjon og eit heeeeilt år med fri, ja så kan det jo alltids hende at ein har det då...?

1 kommentar:

  1. Får håpe Oliver-gullet er ein rolig krabat og søv godt sonn at mora får tid til masse!

    Eg har vore heime i over 9 mnd. no, men har ikkje fått gjort ein skit! Trym tek all mi tid. Fekk masse kommentara då eg gjekk gravid om at eg måtte gle meg til eit år med fri. Rune sa bla. at eg hadde god tid til å trene og kunne ta meir utdannelse i løpet av ditta året. Tydelig at han ikkje har onga endå:)

    SvarSlett