15. mars 2011

før meg ikkje ut i forkavelse

Veldig mange gongar står eg overfor situasjonar og tidspunkt der eg er tvungen til å vere aleine med gutane. Kvar tirsdag reiser Ola på musikkøving rundt kl sju. Då er det sirkus på casa del Refsetra. Nei, no skal eg ikkje overdrive. Storeguten seier fint "hadet pappa" til far sin, og så har fortsettelsen to mulige utfall.

Utfall A) Oliver søv søtt i vogga si, Benjamin et kveldsmat, drikk kveldsflaska si med melk, pussar tenner, vi les litt bok i lag, seier natta, kosar litt på broren og går til slutt opp trappa og finn senga si. Syng natta-song, får tutten, og sloknar!

Utfall B) Dette alternativet er av det langt meir hektiske slaget. Sjå om du kan kjenne deg att; Oliver har ingen planar om å sove søtt i vogga si. Han skal i grunnen ikkje ligge i det heile. Ikkje på golvet, ikkje i vippestolen, ikkje i vogga. Han har kun planar om å skrike og å vere på armane til mor. Samtidig skal storeguten ete kveldsmat, drikke kveldsmelk, pusse tenner, lese bok, seie natta, kose og finne senga med natta-song og tutt. Dette byr altså på store utfordringar for ei forkava mor, for eg kan ikkje akkurat legge i frå meg eit hylande born og likevel klare å slappe heilt av å gjere som eg ville gjort under ein normal kveld under utfall A. Dette fører naturleg nok til at rutinane sklir ut, og då reagerar storeguten med å herje og med å ikkje spele på lag med meg. Ekstra herleg blir det når han bæsjar seg ut og er i full gong med å fjerne bleia sjølv.. Meir trengs vel ikkje å seiast. :)

Eg har ingenting i mot å vere aleine med mine to skjønne gutar når veslebror opptrer som ein engel og lar oss gjennomføre kveldsrutinane våre i fred og ro. Men for all del, er han våken så er det jo bare eit krydder i tilværet og gjer kvardagen enda meir spennande! Eg ville ikkje bytta det for alt i verda. Så får eg no heller bare vere litt forkava ;)

4 kommentarer:

  1. Hahahaha....utfall B virker som et velkjent fenomen her i huset titt og ofte :) Artig lesning og ei trøyst å vete at det er fleire som kava med kveldsritualet inn i mellom! Du skriv godt Lina!
    Helsing Heidi inn i Holvikja :)

    SvarSlett
  2. Hahaha.... ja akkurat ditta kjenne eg og!! Utfall B skjedde so altfor ofte... ogso i tillegg va det ekstra "krydder i tilværelsen" når ungane va sjuke.....
    Når vi va inn i dei aller verste dagane/vekene imenst Torgeir va vekke (4 veker i slengen) so va eg bare gla for at ungane sovna til slutt...då fikk rutiner bare vere rutiner... det ordna seg til slutt det og...

    Lykke til med kveldsritualene!!

    SvarSlett
  3. Hehe. Kan skjønne at ho mor blir litt forlaga, ja! Her har eg ein knert med lakenskrekk so hadde eg hatt to, kunne det bydd på problem;)

    SvarSlett
  4. Haha, han B tenkte vel at han skulle hjelpe te og ordne bleia si sjøl, so blei det litt mindre på deg?:)
    Kjekt med et nytt innlegg, venni, har sakna det:) Men forstår so godt at det ikkje e heilt enkelt å blogge i tide og utide med to små kara som krev sitt.

    SvarSlett