8. mars 2011

Garva vestlendingar

Så herjar orkanen. Merkeleg nok har eg ikkje høyrt at denne orkanen har fått noko fancy namn, slik alle orkanar i Amerika med respekt for seg sjølv får. Like greitt spør du meg. Det røskar i trea og ular frå glaskarmane. Det knirkar i det gamle tregolvet vårt på loftet, og det ristar lett i huset. Det er litt sjarmerande, men eg er veldig glad eg kan sitje inne og sjå ut. Eg er glad eg ikkje skal ut i båt og at eg ikkje skal reise til Berlin med fly. Nei, i dag held vi oss heime, lagar middag og håpar alt går bra når Olaen og Benjamin må ut i verda og køyre heim frå jobb og barnehage. Eg har forresten planar om å komme sterkare tilbake med blogging. Har to gutar som har krevd mor litt meir enn normalt. Og då kjem faktisk datamaskina i andre rekkje. Slik må det vere :)

Garva vestlending ja..., men eg skjelv no litt i trusa her eg sit ;)

1 kommentar:

  1. Orkan, ja! Røskar godt i husa då! Her i Oslo blæs det faktisk i dag! meget uvant, men det kan vel heller samanliknast med ein vestlandsbris:) Godt å vere inne i varmen på slike dagar.

    SvarSlett