26. februar 2011

"Min første kjærlighet"

Min 19 månader gamle gut seier enkelte ting oftare enn andre. "Malin" er eitt av dei fyrste orda han seier om morgonen når han vaknar, og eitt av dei siste han seier før han legg seg om kvelden. Malin går i barnehagen, og kvar dag med Malin er ein god dag. Dei jublar om morgonane når dei treffast, og skal helst halde kvarandre i hendene om dei skulle vere så heldige å havne på stellebordet i lag. Og eg vert jo sjølvsagt rørt når han må gje Malin ein kos og vinke til ho før vi går heim frå barnehagen. Det kallar eg kjærleik. Torsdag var vi heime på besøk med Malin etter barnehagen. Middag, leik med nye og spennande leikar og godt selskap også for dei vaksne. Genialt konsept. Det er ikkje tvil om at Malin godt kan kallast "min første kjærlighet" av min skjønne storegut. Ja, utanom meg då sjølvsagt.

1 kommentar:

  1. Å, så søtt med småkjærstar!! Kjekt at han kosar seg i barnehagen då! Trym fekk sitt fyrste kyss i går og det va so søtt at eg måtte blogge om d:) dei vekse fort dissa karane!

    SvarSlett