19. februar 2011

dag 10

Ein trist dag

I går var det gravferd. Ei trist, men fin stund og ei verdig markering av livets slutt. For ein ung, flott gut. Ein gut med den største venekretsen eg nokon gong har sett, og med ein flott og omsorgsfull familie. Når eg tenkjer på denne livsglade og sjarmerande karen som alltid møtte meg med eit smil og ein god replikk, må eg berre smile.

Det skjedde det som ikkje skulle skje, og alle rundt han sit igjen med spørsmåla. Berre han veit svara. Sorga er botnlaus og tung å bære. Det einaste ein veit er at ho vert ein aldri så liten smule lettare dersom ein bær ho i lag. Det ser det ut som denne familien skal klare.

Slike tap gjer at ein får opp augene. Ein får ein tankevekkar om kor skjørt livet er. Mine varmaste tankar til dei næraste. Og til ein kjekk kar; kvil i fred.

2 kommentarer:

  1. Så nydeleg skreve Lina! Du har heilt rett i det du skriv. Han var ein flott gut, med alltid ein god replikk eller to på lur. Og med stor omtanke for alle. Eg set veldig pris på at du hedra Øystein ved å skrive om han her. Merete

    SvarSlett
  2. Takk for dei fine orda Lina,der du beskriv han Øystein slik vi alle vil hugse han.Det varmar i ei tung tid. Arvid Sverre.

    SvarSlett