4. februar 2011

Scrapbooking



"Scrapbooking". Skulle ønske eg fann eit betre ord på norsk. Album-makeri liksom? Jaja, la no det vere. Då Benjamin vart fødd laga eg ein flott album frå dei tre fyrste vekene hans. Der er det bilder av han og alle dei næraste i familien og nokre vener. Han elskar å sjå i denne albumen, og kan såleis lære seg å kjenne igjen dei han ikkje ser til dagleg. Men å lage eit slikt verk forpliktar, så no har eg framkalla bilder og er i full gong med planlegginga av Oliver sin album. Klistermerker, fine ark, sølvtusj, bokstavar. Kos. Eg tenkjer dei kjem til å takke meg den dagen dei sjølv skal vise albumen til sine eigne born. Det einaste som er skremmande med den tanken er at EG blir bestemor. Men enda verre - eg skal dele seng med ein BESTEFAR!! Du store mi tid..

2 kommentarer:

  1. Hehe.
    Det er kos å lage album, ja og eg har laga to til Trym samt skrevet mykje i "da jeg var liten"-boka hannas. Sette litt av eit press på meg sjølv om eg får fleire onga!
    Dåkke må ha ei superduper helg! Eg er so heldig at eg får besøk av mamma og pappa i helga! Kjekt!

    SvarSlett
  2. Ååå! Tenk den dagen vi blir bestemødre, Lina! Det blir stas!! (Men håpar for guds skyld at gutane venter til dei er ferdige med tenårene før dei havner opp i på den slags...) Eg gleda meg sånn til å bli bestemor at det får heller bare vere om eg må dele seng med ein bestefar! Haha!

    Koselig blogg, forresten, og fint bilde av ein fin Oliver :-)

    SvarSlett