15. februar 2011

dag 9

Mitt drøymebryllaup

Ja, så skal eg vel avsløre mitt aller innerste indre. Mine borndoms glansbilete om denne viktigaste dagen i mitt liv. Ikkje med kven, for det kunne eg jo ikkje vite (sjølv om eg aller helst kunne tenkt meg å gifte meg med pappa, for han var den beste eg visste om), men korleis det skulle vere. Og det skulle vere kvitt, stort og flott. Eg skulle sjølvsagt sjå ut som ei prinsesse, med diadem og langt kvitt slør.

Så endrar ting seg. Ein erfarer. Går i andre sine bryllaup, og ser kor uendeleg flott og enkelt det kan gjerast. Så frå den flotte sommardagen på Vågsberget for 5-6 år sidan, har eg visst at eg aller helst kunne tenke meg å gifte meg i ein enkel kjole, i eit enkelt miljø, helst ute under ein blå himmel og med eit alter av blomar. Sola skal skine og smågutane mine skal sitje i ei blomsterdekt høyvogn. Brudebilen skal vere ei hestekjerre som skal dragast av sterke, kjekke onklar. Altså utan hest. Vi skal drikke champis, jordbær som er dyppa i sjokolade og så skal vi ta brudebilde i høgt gras med strå i munnen.

Men om det vert slik, gjenstår å sjå. Mest truleg kjem det til å regne. Eg har jo valgt å busetje med i regnland! Men ein ting veit eg; eg veit kven som er drøymemannen, og det er ikkje lenger pappa :) Så gjenstår det å sjå om det blir noko frieri før eg bikkar førti!

2 kommentarer:

  1. ... Og ein ting veit eg: du kjem til å bli ei vakker brud!

    SvarSlett
  2. <3 ååå, søte Mari:) du e god altså!!

    SvarSlett