24. februar 2011

dag 12

Ein kjekk kveld

På tirsdag kledde eg meg opp, tok på meg støvlettar og slapp laust håret. Det var tid for venindekveld, og ei stund heilt fri for ungar. Det er ganske nøyaktig tredje gongen sidan Oliver vart fødd at eg har forlete huset utan å ha han med meg. Ei rar kjensle, men samstundes godt å berre vere meg sjølv. Og Gud vete at det trengs frå tid til anna. Ferda gjekk mot ein av dei lokale restaurantane, der vi vart møtt med eit personale som, med ryggen til oss, kunne fortelje oss at "matserveringa stengde klokka ni". Ikkje eingong så mykje som ti flak med pommfri kunne dei klare å skrape i hop til oss. Kanskje ikkje så rart vi var dei einaste som fann vegen inn til dei denne kvelden. Vegen ut var iallefall ikkje vanskeleg å finne.

Det vart ganske kjapt teke avgjerd om å prøve lukka ein annan stad. Sjølv om vi var dei einaste gjestane også her, så hadde dei iallefall mat, og ei langt meir hyggeleg betjening.

Maten var god, praten var god, jentene er gode, ja faktisk nokre av dei beste eg veit om. Godt med ein kveld for seg sjølv. Og skal du ut å ete i Måløy på ein tirsdagskveld, så kan eg iallefall, utan å nevne andre namn forøvrig, anbefale San Marino på det varmaste :)

1 kommentar:

  1. ka kjekt å gå ut med jentene! Berre så synd at det skal vere vanskelig å få ein matbete! No er det jammen på tide eg får meg ein vestlandstur! Når det blir for lenge mellom kvar gong får eg sonn heimlengsel! Og så e påska kjempeseint! Men eg skal vertfall heim då!! hadde vore kjekt å sjå deg igjen snart! Skal dåkke til Brøttum i påska?

    SvarSlett