4. februar 2011

dag 4

Listene vil ingen ende ta. Her kjem lista over fem ting eg elska då eg var yngre. "Yngre" er eit relativt vidt omgrep, men eg kjenner at 9-12 var veldig gode år for meg, så eg tek utgangspunkt i sein barneskulealder.

1: Eg elska å ha bursdag, med alt det innebar. Selskap, bordkort, pakkar, barneleikar, kreppa hår, lilla swingskjørt og kvit blondebluse med rysjer på. Guri, ka fin eg var!

2: Eg elska dei fyrste vårdagane, då vi fekk lov å byte ut vinterstøvlettane med små kvite joggesko og gjerne berre tjukkegensar, og vi kunne sykle til skulen fordi isen og slapset endeleg var vekk.

3: Eg elska å synge i friminutta på skulen, gjerne tostemt i lag med Ane. Ja, vi var faktisk så übermusikalske at vi klarte sånt allereie på barneskulen. Kjekkast var det når vi fekk lov til å opptre ved ulike tilstellingar på gode gamle Våge-Oppedal Skule.

4: Eg elska å ta bussen inn i Holvikja på aspirant i lag med Merete ein gong i veka. Eg hadde gjerne med meg 10-15 kroner kvar gong. Bussbilletten kosta skarve fem kroner, og resten brukte vi på butikken før øvinga byrja. Vi hadde som oftast ein halvtime på oss. På butikken kjøpte vi bugg, saltsnører og eplerose. Den fantastiske brusa eplerose! Eg saknar tida då buggen kosta 50 øre, og då vi kunne få 20 stk for ein tiar. Eg likte best jordbær og sjølvsagt saltlakrisen. Eg saknar bugg generelt!

5: Eg elska å tulle og fjase i lag med pappa. Snakke rare dialekter (for eg var ganske god på det), kle meg ut i rare hattar og sko, og å spele inn merkelege intervju på film. Dessutan var det få ting som var så stas som å få spele "Bjørnen sover" med min herlege aspirant-klang, medan pappa spelte orgel attåt. Denne vart faktisk også utgjeve på eige musikkforlag, og vart årets største julegåvesuksess midt på nittitalet ein gong.

Og hvis eg kunne ha ført på endå ein ting, så elska eg somrane med bestemor og bestefar, nybaka bollar med jordbærsyltetøy. Hjelpe til med hæsja, sitte på i høylasset på slåmaskina til bestefar. Tulle og leike med søskenbarna. Good times :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar